– Vi har ikkje hatt folkevekst på sju prosent siste månadane, så anten må vi ha fått fleire reisande forbi dørene eller så må vi ha fått fleire handlande frå andre butikkar, seier dagleg leiar Eirik Hjelmbrekke.
Vil velje sjølve
Hjelmbrekke trur mest på det siste som forklaring på kvifor Spar Jølstraholmen har starta 2017 med å auke omsetnaden mellom seks og sju prosent. Det kanskje i kombinasjon med bomringen som i oktober i fjor vart etablert rundt Førde. Og sjølvsagt at butikken i seg sjølv har gjort mykje riktig.
Oppsvinget held fram frå rekordåret i fjor, etter at Rema 1000 innførte kundeprogrammet «Bestevenn». Strategien slankar sortimentet monaleg.
– Vi har det kjeda seier, pluss mange andre økologiske og lokale produkt. Eg trur folk tykkjer det er meir interessant å få velje sjølve blant det som eksisterer, enn det som butikken bestemmer du kan velje, seier Hjelmbrekke.
Klar samanheng
VG fortalde i går at matvarekjeda Rema 1000 opplever både omdømesvikt og omsetnadssvikt etter innføringa av kundeprogrammet «Bestevenn». Samstundes melder Coop Extra og Kiwi at dei på landsbasis merkar oppsving.
- Les også:
- Les også:
Daglegvareekspert Reidar Molthe er ikkje i tvil om at det er samanheng i utviklinga.
– Dei har tapt omdøme, både som følgje av bestevenn-strategien, kor mange etablerte produsentar er kasta ut, og etter innføringa av appen Æ, som mange ikkje har teke positivt imot, seier Molthe.
Veksten held fram
Det trur også Hjelmbrekke som i 1998 tok over som dagleg leiar. Frå 2012 auka butikken omsetnaden frå 40 til rekordhøge 49 millionar i fjor. I same periode er resultatet tidobla, frå 256.000 til 2,5 millionar kroner.
Lite snø og trafikk til Jølster skisenter skulle ikkje tilseie at omsetnadstala til Spar Jølstraholmen skulle ta av på starten av 2017.
– Folk er lojale mot sin faste butikk, men enkelte byter når det skjer slikt som «Bestevenn». Det blir spennande å sjå om dei som har bytta butikk tykkjer at Spar er betre, eller om dei vel å gå tilbake. Det vil tida vise, seier han.
Det har ikkje lukkast NRK å få tal for utviklinga av handelen til Rema-butikkane i Førde.