Hopp til innhold

Omfattande hærverk på ungdomsskule – elevar sende heim

Nokon tok seg inn på skulen, tetta igjen åtte vaskar og skrudde på kranane. – Aldri opplevd liknande, seier rektor.

Breimyra skole

VATN OVERALT: Elevane og dei tilsette ved skulen blei møtte av store vassmengder fredag morgon.

Foto: Ove Landro

Elevane er sende heim frå Breimyra ungdomsskule, etter at dei tilsette vart møtte av rennande vatn då dei kom på jobb fredag morgon.

Åtte vaskar på toalett og i klasserom var tetta med papir, og vasskranene stod på.

– Det var veldig mykje vatn her då me kom i dag. Det er vatn over store flater, seier rektor Britt Marit Fjeldstad.

Skulen stengd

Elevane vart i førsteomgang sende heim nokre timar, men det er no bestemt at skulen er stengd for dagen.

Byggeigar og skuleleiinga jobbar med å kartleggja omfanget og å få tørka opp vatnet. Politiet er på staden og gjer undersøkingar.

– Nokon har teke seg inn i løpet av natta, truleg gjennom eit vindauge dei har brote opp og utført det som ser ut som betydeleg skadeverk, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tore André Brakstad.

Politiet har utført ei åstadundersøking og opprettar sak.

– Per no har eg ingen opplysingar om at det er nokon konkrete mistenkte, seier Brakstad til NRK ved halv ellevetida.

Rektor ved Breimyra skole Britt Marit Fjeldstad ble møtt av store mengder vann da hun kom på jobb fredag.

Elevane ved skulen blei sende heim. Rektor Britt Marit Fjeldstad håpar dei kan opna skulen igjen måndag.

Foto: Lars Christian Wallace / NRK

Stått på i fleire timar

Ifølge rektoren er det særleg to vaskar som ført til lekkasjen. Desse stod på rom utan sluk i golvet. Vatnet frå dei seks andre vaskane har i stor grad blitt tatt unna av slukane.

Vatnet har truleg stått på i mange timar. Fredag arbeider det folk for å tømma skulen for vatn. Gjennom helga må det stå vifter på for å tørke opp.

– Eg håpar vi kan ha vanleg skuledag måndag morgon. Det er vårt ønske og håp, seier rektoren.

Hærverk på Breimyra skule i Bergen.

Dei tilsette vart møtt av rennande vatn nedover trappa denne morgonen. Det låg store mengder vatn utover golva fleire stader på skulen.

Foto: Lars Christian Wallace / NRK