Hopp til innhold

Oljeslammet var svært giftig

Sløvåg-tankane inneheldt same type giftig oljeslam som tok livet av minst 14 menneske i Elfenbeinskysten.

Opprydning etter eksplosjonen i Gulen
Foto: MMS: Dag Harald Kvammen Andersen

Det vert stadfesta av seksjonssjef Harald Sørby i Statens Forureiningstilsyn (SFT).

Dette avslørte for øvrig NRKHordaland.no for ett år siden.

85.000 menneske vart sjuke då giftig oljeslam vart dumpa på ein avfallsplass i kystbyen Abidjan i Elfenbeinskysten. 14 personar skal ha døydd på grunn av det giftige slammet.

No er det altså påvist at det var same type gift i tankane i Vest Tank sitt anlegg i Sløvåg som vart dumpa i Elfenbeinskysten.

Ifølgje SFT er skilnaden i Elfenbeinskysten og Gulen at i det afrikanske landet blei avfallsstoffet lagt ope på ein søppelplass der fattige leitar etter mat og ting dei kan gjere seg nytte av. I Gulen blei stoffet lagra på tankar som gjekk i lufta. Eksplosjonen og den veldige brannen gjorde at stoffet fordampa og blei mindre konsentrert, skriv Bergens Tidende.

Naboar som har følt seg sjuke etter eksplosjonen for ett år sidan, har no fått stadfesta sine mistankar.