Årsaka til ølsperringa var at veggen på ein lastebil med 25 pallar øl svikta, og ølboksane rasa utover vegen.
Forbipasserande skal ha sett sitt snitt til å "hjelpa til med opprydnigsarbeidet", men vart raskt vist vekk av politiet.
Folk forsynte seg ivrig
- Me har fått meldingar på at ikkje alle klarte å halde fingrane vekke frå ølberget. Litt sjølvforsyning var det, fortel Bjørn Alvseike, operasjonsleiar ved Haugaland- og Sunnhordland Politidistrikt.
Ølsølet ved Sandvikvåg i Fitjar er no tørka vekk, og det er lite å henta for øltørste fitjarbuar.
- No er det noko uttynna ja. Alkoholkonsentrasjonen er nok gått ned, opplyser Alvseike.