Hopp til innhold

Han er ølet sitt svar på Ivar Aasen

Lars Garshol har reist landet rundt for å skriva bok om norsk gardsøl. Han fekk ei sjokkerande oppleving då han besøkte Sogn og Fjordane.

Lars Marius Garshol

ØLHUND: Lars Garshol meiner at gardsøl har ein heilt unik smak.

Foto: Martin Thibault

– Eg blei åtvara om ølet i Hornindal, seier Lars Garshol.

Han hadde høyrt om surt øl, men fekk servert noko av det beste ølet han nokon gong har smakt.

I ekte Ivar Aasen-stil har den bokaktuelle ølentusiasten reist rundt i landet, og innom heimane til folk, for å skaffa seg informasjon om gardsøl. Med seg pakka han termometer og måleutstyr.

– Folk som driv med gardsbrygging i dette fylket er stolte, og det med rette.

Sjeldan vare

Det å brygga øl er ein eldgamal tradisjon i Sogn og Fjordane. Generasjon på generasjon har lagt si sjel i å brygga det beste ølet til bruk under slått, høgtider, bryllaup og ved andre større hendingar.

Til trass for dette, kan Garshol fortelja at det ikkje er lett å få tak i norsk gardsøl i dag. Han meiner at ein rett og slett må kjenna bryggaren.

– Når folk spør meg om dei kan få smaka, svarar eg at «det er like lett å skaffa deg ein halvliter einhjørning-blod», seier ein flirande Garshol.

Brygging

TRADISJONSRIKT: Brygging på gamlemåten i eldhuset til Olav Ø. Skåden i Innvik. Bryggerimeister er Terje Raftevold, som har teke med seg oppskrift og kveik frå Hornindal.

Foto: Lars Marius Garshol

Unik smak

Det var den unike smaken som gjorde Garshol interessert i norsk gardsøl.

– Gardsølet smaker heilt annleis enn det moderne ølet, og ølet smaker forskjellig på forskjellige stader.

Desse forskjellane gjorde Garshol nyfiken på korleis folk bryggar øl på gardane rundt omkring i landet.

– Ved å bruka dei gamle teknikkane har ein potensial til å laga øl som du ikkje kan få kjøpt i butikken. Ølet blir òg «norsk» på ein måte som ikkje pils og IPA er.

Lokale variasjonar

Garshol hevdar at Sogn skil seg frå Voss i sør, med forskjell i både koketider og bruk av malt. Men òg innanfor fylket ser han klare forskjellar i bryggeprosessane.

– Sogn og Fjordane er eigentleg delt i to. På andre sida av Jostedalsbreen har dei heilt andre måtar å brygga øl på. Her kokar ein ikkje ølet, og øltradisjonane liknar eigentleg veldig på tradisjonane på Sunnmøre.

Skal ein tru Garshol, kan ein snart få nærare innsyn i dei forskjellige bryggetradisjonane i landet utan å reisa heim til folk.

– No har nokre ølentusiastar dratt i gong ein festival i Hornindal, og dei prøver å samla så mange tradisjonsbryggarar som mogleg. Under denne festivalen får ein moglegheit til å smaka gardsøl samstundes som ein får sjå korleis det blir til.