Blir skulda for faktafeil

Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus brukar faktafeil i sin argumentasjon for å redde fødetilbodet i Lærdal, meiner overlege.

Bente Øien Hauge

Sjukehusforkjempar Bente Øien Hauge blir skulda for faktafeil.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Det er Tom Gulhav, overlege ved Kvinneklinikken i Helse Førde, som skuldar Øien Hauge for bruk av faktafeil. Gulhav er med i faggruppa som har vurdert fødetilbodet i fylket.

Dei vil fjerne fødetilbodet i Lærdal og Eid, noko Øien Hauge har kalla fagleg uforsvarleg. Men Gulhav på si side meiner dette er tull.

Kranglar om kva som er forsvarleg

– Det går ikkje an å meine at det skal vere farleg for kvinner med låg risiko i graviditeten å reise til Førde, når dei med høgare risiko per i dag allereie gjer det, uansett om dei bur i Selje eller Øvre Årdal, seier Gulhav til NRK.no.

Måndag vart det klart at faggruppa i Helse Førde vil fjerne fødetilbodet i Lærdal og på Nordfjordeid.

Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus sa då til NRK at dette var fagleg uforsvarleg, og viste til at beredskapen ved lokalsjukehusa fleire gonger har redda liv.

– Eg forstår ikkje at det går an å hevde at det er fagleg forsvarleg å legge ned dei to tilboda utifrå hensynet til dei fødande, seier Øien Hauge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fødeavdeling

Frå fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det vil vere jordmor på vakt

Gulhav meiner på si side at Øien Hauge ikkje har sett seg godt nok inn i det framtidige tilbodet. Han viser mellom anna til at såkalla einingar for svangerskap, barsel og kvinnesjukdommar vil komme i både Lærdal og på i Eid.

– Der vil det vere jordmødre i døgnvakt og som har bakvakt slik at kvinnene som er i fødsel skal ha følgje av jordmor til Førde. Einaste skilnaden frå før er at fødselen ikkje føregår på lokalsjukehuset, seier Gulhav.

Han meiner vidare at Øien Hauge spelar mykje på følelsar og dramatikk og seier ho på den måten kan skremme gravide kvinner til å tru at det framtidige tilbodet er dårleg. Dette avviser Øien Hauge på det sterkaste:

– Eg synst ikkje eg snakkar mykje om følelsar og dramatikk. Det er ikkje eg som skremmer dei fødande. Det er Helse Førde som gjer det når dei aukar reisevegen. Det er Helse Førde som sentraliserer fødslar, og med det er det dei som skremmer dei gravide.