Hopp til innhold

– Lokalsjukehusa ikkje robuste nok

– Føde- og akuttilboda ved lokalsjukehusa er ikkje robuste nok til å overleve på sikt.

Rune Larsen

IKKJE BERRE ØKONOMI: Det er andre ting enn berre økonomi som på sikt vil felle akutt- og fødeavdelingane på Eid og i Lærdal, trur lege og tilsettrepresentant, Rune Larsen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det hevdar overlege og tilsett-representant i Helse Førde-styret, Rune Larsen. Han trur andre ting enn

– Vikarar held sjukehusa gåande

– Viss vi går på overlegenivå, så er nesten 50 prosent av dagens overlegevakter på sjukehusa i Eid og Lærdal dekka av anten vikarar eller folk som har si hovudstilling andre stader, og kjem pendlande til sjukehusa. Vi føler at i framtida, med aukande krav til dokumentasjon og meir komplekst utstyr, vil vi ha vanskar med å halde den strukturen som vi har hatt.

Larsen har følgt akuttmedisintenesta i fylket i 18 år gjennom jobben som anestesilege på Førde sentralsjukehus og på luftambulansen i Sogn og Fjordane. Han er overtydd om at sjølv om både føde- og akuttilbod i dag fungerer greitt, så langt det rekk på Eid og i Lærdal, er det ikkje robust nok for framtida.

Lite attraktivt for unge spesialistar

Larsen viser at til dømes sjukdom kan ramme alle. No sist, ein fødselslege på Nordfjord sjukehus. Fødeavdelingen heldt sist helg stengd.

– Og då blir plutselig eit heilt tilbod borte, seier han.

Derfor vil ikkje meir pengar til Helse Førde på sikt kunne berge føde- og akuttavdelingane ved lokalsjukehusa. Unge legar som har vore i fylket, og no tek spesialistutdanning i Bergen, vil ikkje ta den tøffe vaktpåkjenninga, fryktar Larsen som viser til at temaet jamleg er drøfta blant legekollegiet.

– Dei er nok innstilte på å gjerne reise ut og gjere ambulerande teneste på lokalsjukehusa. Men det blir mykje vakter viss ein reiser som ein ung spesialist til eit lite lokalsjukehus.

Larsen meiner kampen no i realiteten står om framtida til spesialisthelsetenestene i fylket.

– Vi trur at skal vi sikre befolkningen i Sogn og Fjordane eit tilbod på spesialistnivå i framtida, så må vi fokusere meir på kvar vi brukar midlane.

Øien Hauge: – Nedlegging inga løysing

Bente Øien Hauge

FEIL: - Ein fiksar ikkje eit problem ved å leggje ned brannvernet, seier sjukehusaksjonist Bente Øien Hauge i Lærdal. Ho avviser Rune Larsen sin teori om at akutt- og føde på lokalsjukehusa ikkje er liv laga.

Foto: Privat

Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus er samd i at Rune Larsen peikar på viktige utfordringar. Men løysinga er ikkje å avvikle føde- og akuttilbodet ved lokalsjukehusa, meiner ho.

– Viss ein har problem med noko, så er ikkje nødvendigvis løysinga å legge ned. Det gjer ein ikkje med til dømes brannberedskap og andre viktige funksionar, seier Øien Hauge.

Ho peikar også på at kommunehelsetenesta ofte rekrutterer folk frå turnuslegane på lokalsjukehusa. Det blir det mindre høve til viss akutt og førde forsvinn.

- Viss vi då er i ein situasjon der samhandlingsreforma flyttar pasientgrupper frå spesialisthelsetenesta over i primærhelsetenesta, samstundes som ein gjer det vanskelegare for sistnemnde å rekruttere - då er det ei gruppe som vert ramma: Pasientane.