– Det vanskelegaste for meg var nok å plutseleg få ansvar for ei gruppe med elevar. Å tenkja på korleis eg skulle hjelpa elevane heldt meg våken om nettene.
Sondre Kvamme byrja som norsklektor på ein yrkesfagleg vidaregåande skule i fjor haust.
Overgangen frå å vera lektorstudent til kvardagen som lærar var ikkje berre enkel, synest han.
Han er blitt ein del av statistikken: Om lag ein av seks lærarar er ute av skuleverket fem år etter dei er nyutdanna.
Fleire år på å bli komfortabel
Nederlandsk forsking peikar på at det tar mellom tre og seks år å bli komfortabel i lærarrolla.
For å gi nyutdanna lærarar i grunnskulen ein betre start, løyvde Kunnskapsdepartementet i fjor ein pott på 60 millionar kroner til rettleiing.
Men nye pedagogar på vidaregåande fekk ingenting.
Rettleiingsordninga betyr at rettleiar og nyutdanna blir kjøpte fri for å evaluera jobben den nye læraren gjer.
Utan statleg støtte må skulane eller fylka setja av pengar. Det er det ingen av fylka som svarar at dei gjer, i ei rundspørjing NRK har gjort.
DROPPAR UT: Det har vore mykje fokus på elevar som droppar ut av vidaregåande. Men også lærarar droppar ut frå norsk skule.
Foto: Hordaland fylkeskommune (illustrasjon)Hadde rettleiar, men ikkje tid
Sondre Kvamme fekk rettleiing frå ein av sine kollegaar, men ynskte at det vert sett av meir tid.
Etter jul byrja han å arbeida med å undervisa studentar på ein høgskule i staden. Mellom anna fordi han synest det var lettare.
Kvamme vil gjerne tilbake til vidaregåande, men ynskjer seg meir tid til rettleiing.
– Eg trur ikkje det er noko lettare å byrja som nyutdanna lærar på vidaregåande enn i grunnskulen.
Manglar ikkje på rettleiarar
Ingrid Helleve, professor i pedagogikk ved UiB, har i mange år forska på korleis det er å vera nyutdanna lærar. Ho stadfestar at rettleiing i starten er viktig.
– Nye lærarar kan ofte lura på alt ved yrket. Rettleiing kan i mange tilfelle vera heilt avgjerande for om ein vel å fortsetja.
Ifølgje Helleve blir det kvart år utdanna mange rettleiarar på vidaregåande skule.
– Eg skjønar ikkje kvifor ein så ikkje brukar dei.
UTDANNAR RETTLEIARAR: Ingrid Helleve har i mange år utdanna rettleiarar til skuleverket, og ynskjer at dei skal bli meir brukte.
Foto: UiBVil sjå om det finst pengar i budsjettet
Dei 60 millionane som vart løyvde til nyutdanna i grunnskulen, ser etter alle solemerke ut til å ha blitt brukt godt. Det kjem fram i ein delrapport om ordninga.
Kunnskapsdepartementet er glad for resultatet, og vil vurdere å finne pengar også til dei nyutdanna på vidaregåande.
– Resultatet gjer det relevant å diskutera om me bør få på plass ei liknande ordning for nye pedagogar på vidaregåande, og kanskje også i barnehagen, seier statssekretær Grunde Almeland (V).
GLER SEG: Statssekretær Grunde Almeland (V) gler seg over at dei 60 millionane til nyutdanna i grunnskulen har blitt godt brukt. Kanskje finst det også rom for ei liknande ordning for andre pedagogar.
Foto: PETER MYDSKE