Hopp til innhold

Nytt naudnett vil kollapse om straumen blir vekke i åtte timar

Det nye naudnettet vil ikkje hindre kollaps i telekommunikasjonen ved langvarige straumbrot. - Alt for dårleg, rasar ordførar.

Kraftleiding som har blåst ned i Stryn

UTAN TELEKOMMUNIKASJON: Straumen forsvann og vart fleire stader vekke i dagesvis etter uvêret Dagmar i romjula 2011. No viser det seg at det nye naudnettet ikkje vil gjere kommunane betre rusta neste gong uvêret slår til.

Foto: Arne Vik

Mange har framleis uvêret i romjula 2011 friskt i minne. Fleire kommunar vart etter Dagmar ståande utan kontakt med omverda, nokre i både dagar og veker.

No blir det rulla ut eit nytt naudnett her i landet, men fem av seks basestasjonar vil berre fungere i maksimalt åtte timar. Med andre ord vil nettet kollapse om straumen blir vekke i meir enn åtte timar.

– Den første reaksjonen min er at dette er alt for dårleg, seier Vågsøy-ordførar Morten Hagen.

– Det blir for kort tid

Straum og internett var borte vekk, og både fasttelefonar og mobiltelefonar var utan dekning. Det var realiteten for innbyggjarane i Vågsøy etter uvêret Dagmar sine herjingar for litt over eitt år sidan.

Morten Hagen

OPPRØRT: Ordførar Morten Hagen er opprørt og meiner det nye naudnettet er alt for dårleg.

Foto: Thomas Hagen

Ein satellittelefon på ein fiskebåt var einaste forma for kontakt ordførar Morten Hagen hadde med omverda.

Ei rekkje andre kommunar opplevde situasjonen som like vanskeleg, og ordføraren er oppgitt over at det no ikkje ser ut til å bli betre.

Det nye naudnettet som skal byggjast ut vil truleg ikkje kunne gjere kommunane betre rusta for nye uvêr. Berre ein av seks basestasjonar skal nemleg ha ei straumforsyning på 48 timar, medan fem av seks vil ha ein batterikapasitet på åtte timar.

– Det gjer at det skal veldig lite til før vi kjem i ein situasjon utan kommunikasjon, lik med den vi hadde under Dagmar i 2011.

– Det blir fort kort tid, seier ordføraren opprørt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dagmar sine herjingar i Eid

KRITISK: Mange skildra situasjonen i Sogn og Fjordane som kritisk i dagane etter Dagmar. Her ser ein sentrum av Eid der sentrum var full av både båtar og anna som hadde blitt skylt i land.

Foto: Øystein Torheim

Samtidig blir det jobba med å få på plass batterikapasitet på seks timar på mobilnettet.

Det betyr at dersom straumen forsvinn har kommunane åtte timar på seg til å organisere beredskapen før store delar av naudnett og mobilnett vil gå ned.

– Dette er rett og slett ikkje godt nok. I gjennomgangane etter Dagmar vart det sagt at ein skulle ta tak i dette og at det skulle bli robuste system som ein kunne stole på, seier Hagen til NRK.no.

Politikarane som bestemmer

Kommunikasjonsrådgjevar i Direktoratet for naudkommunikasjon, Sverre Øvrelid Steen, seier dei følgjer opp tinginga frå Stortinget, og kontrakten som spesifiserer batterikapasitet på minst 8 timar.

– Dagmar viste kor sårbar strukturen på telekommunikasjon i Norge er. Med bakgrunn i det har vi brukt store delar av 2012 på å sjå på løysingar og kome med forslag.

– Men det er eit politisk spørsmål om dette skal gjennomførast?

– Det vil det jo alltid vere. Denne typen tilleggsbestillingar må kome frå politikarane, stadfestar Øvrelid Steen.