Hopp til innhold

Krev stopp i Osen-saka etter DNA-bombe: – Vil sette saka i nytt lys

Med moderne metodar kan DNA frå buksa til Reidar Osen koplar bror til ein av dei tiltalte til kidnappinga. No ber dei fornærma om at dommen i saka vert utsett til mannen er gripen og har forklart seg.

Reidar Osen bukse

BUKSE: DNA-bevis frå buksa til Reidar Osen kan gi saka endå ein ny runde i retten.

Foto: Politiet

Saka om bortføringa av millionær og kunsthandlar Reidar Osen og Petter Slengesol tok denne veka ei dramatisk vending.

I utgangspunktet var rettssaka ferdig 17. november, men torsdag kom nyheita om at det var kome eit nytt bevis i saka.

I dag blei dette beviset presentert for retten.

DNA-ekspert Eirik Natås Hanssen hadde fått svar på nye analysesvar frå DNA-prøver av buksa. Moderne metodar gjer at dei no kunne få klarare svar.

– Vi har henta ut nye prøver frå knea til buksa Osen hadde på seg, sa Hanssen i retten. Han er spesialingeniør ved Oslo universitetssjukehus.

Prøven viser at broren til ein av dei som allereie er tiltalte, kan vere involvert.

Personen, ein 37 år gamal polsk mann, har tidlegare vore sikta i saka. Politiet valde ikkje å tiltale han, då bevisa ikkje strakk til.

Politiet veit ikkje kvar denne mannen er i dag.

– Dei viser svake mengder av slike DNA-spor som vi har på huda.

DNA-materialet vart og analysert i 2016. Då var konklusjonen at resultata ikkje var mogelege å tolke.

Reidar Osen i rettssak

I RETTEN: Reidar Osen i tidlegare rettsforhandling. Møtet i dag går er eit fjernmøte.

Foto: Bjørnar Morønning / Ntb /pool / NTB

Usemje om saka må utsettast

Medan politiadvokat Jørgen Henriksen meiner saka mot dei to mennene som allereie er tiltalte i saka kan halde fram som normalt, meiner bistandsadvokat Einar Drægebø at heile saka no må leggast på vent.

– Denne mannen vil ha informasjon som vil sette heile saka i eit nytt lys. Vi ber derfor om at domsavseiinga vert sett på vent til han har vitna og vert ein del av bevisførsla.

– Dette forsterkar antakinga om at vi står framfor organisert kriminalitet, og retten kan ikkje halde fram utan at dette vert belyst, sa Drægebø i dagens runde i Bergen Tingrett.

Politiadvokaten seier det framleis er uklart om mannen vil bli tiltalt, men mannen er etterlyst internasjonalt.

Dommar Stein Dons Heinfjell signaliserte at dei i utgangspunktet ville ha klar ein dom mot slutten av neste veke. No vil han vurdere om bevisførsel i saka skal halde fram.

Kidnappa og trua

To menn frå Polen står tiltalte for å ha kidnappa og for å ha brukt grov vald på dei bergenske forretningsmennene Reidar Osen og Petter Slengesol i 2015. Ein av dei tiltalte har erkjent delvis straffeskuld, medan ein har hevda seg uskuldig.

Det var eigentleg venta dom i rettssaka i ein av dei neste dagane. No må retten ta stilling og til dei nye bevisa.

Det er særs uvanleg at rettssaka vert starta opp att etter at den eigentleg er ferdig. Politiadvokat Jørgen Henriksen vedgår han aldri har vore med på noko liknande. Men påtalemakta meiner altså at bevisa som vart lagt fram i tingretten i dag er særs viktige.

Henriksen meiner dei nye funna ikkje endrar noko for dei to som allereie er tiltalte.