Hopp til innhold

Gjer hobby til business

Mikrobryggjeria Ægir og Kinn får ny konkurranse på heimebane. Balder Brygg frå Leikanger vil skilje seg ut.

Øystein Meland

TEST: Styreleiar Øystein Meland i Balder Brygg smakar for fyrste gong sitt eige julebrygg. Det nye mikrobryggjeriet har base på heimstaden hans, på Leikanger.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er gamle tradisjonar for ølbrygging her på Leikanger. Det er nærmare 40 «celler» som bryggar øl på kjellar og loft her om kring.

Øystein Meland er sjølv utflytta systrending, men har starta ei ny bedrift på heimstaden. Han er styreleiar i Balder Brygg, som såg dagens lys 14. juni i år.

Han fortel at det var så mange som dreiv med heimebrygg i kommunen, at han til slutt meinte det var naturleg å gjere business av det. Og det gjorde han saman med andre kjenningar frå heimstaden.

– Ei samfunnsplikt

– Far min, Birger Meland, har lært opp svært mange av dei som driv med brygging her. Så eg såg på det nærmast som ei samfunnsplikt å starte eit mikrobryggjeri.

Dermed har mikrobryggjeria Ægir i Flåm og Kinn i Florø fått ein ny konkurrent på heimebane.

– Sjølv om det etter kvart er blitt mange bryggeri her til lands, vil vi skilje oss ut ved å byggje litt ekstra på og foredle den vestnorske heimebryggtradisjonen, seier Meland.

Meland har som mange andre vaksne karar i kommunen brygga øl i årevis. Sakte men sikkert vaks ideen fram om å gjere det til noko kommersielt.

Leverer til Bergen

Etter berre eit lite halvår med produksjon har dei allereie vore på fleire ølfestivalar, og har leveringsavtale med utestadane Café Opera og Pingvinen i Bergen. Og sjølvsagt på Café Herman i heimkommunen, Leikanger.

Under Fruktbare dagar i Leikanger denne helga, heldt Meland føredrag om ølbrygging. Samtidig var det tid for å teste det nye julebrygget deira.

– Det går nok ikkje i grisen, smiler Meland etter å ha teke den fyrste slurken av brygget.

– Det er ein svak smak av sitron, og eit hint av appelsinskal. Det er kraftig smak av malt, og eit lite hint av kanel. No er vi spente på om desse smakane vil forsterke seg under lagring.

Nye sortar

Til no har dei hatt sortar kalla Bergen Pale Ale og Sognapils. Men no vil dei lansere eit nytt øl for Førde og Sunnfjord. Men kva namnet blir er usikkert.

Dei har til no produsert kring 9000 liter øl. Tida vil vise om dei skal vekse vidare.

Julebrygg frå Balder Brygg

IKKJE FOR GRISEN: Den aller fyrste smaksprøve av julebrygget til Balder Brygg, vart godkjent av styreleiar Øystein Meland.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK