Hopp til innhold

Nye vikingplanar i Gudvangen

Det er på ny planar om ein stor vikinglandsby i Gudvangen. For ti år sidan stranda prosjektet, men no trur Georg Hansen i Nærøy Kulturhistoriske Anlegg at det er meir realisme i planane.

 

Vikingane i Gudvangen
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Vi har mange år på baken, så vi har mykje meir erfaring på alle måtar enn det vi hadde den tida og har tilsvarande større tru på at vi skal få det til.

Berre sommarvikingar

Ti år er gått, men det som skulle bli ein stor vikinglandsby med fastbuande vikingar i Gudvangen let framleis vente på seg. Rett nok har det på sommaren vore mogleg å sjå enkelte vikingar på den store grasplenen bak bensinstasjonen - men ein kan ikkje kalle dette noko meir enn ein aldri så liten leirstad.

No skal det byggjast 

Her skal vikinglandsbyen byggjast (arkivfoto)
Foto: Arne Eithun / NRK

Men no har selskapet Nærøy Kulturhistoriske Anlegg, med sjefsvikingen Georg Hansen, for alvor tenkt å fullføre det dei var begynt på. Telta skal vekk, for no skal det byggjast landsby.

- Vi skal presentere livet slik det kan ha vore på ein handelsplass for 1200 år sidan, og då treng vi alle dei ingrediensane.

- Ikkje dyrt å byggje

Gamle vikinghus er ikkje dyre å bygge, seier Hansen, men nokre millionar kroner har dei likevel kalkulert med at prosjektet vil koste.

- Det er ikkje dyrt å byggje eit hus som har korkje golv, vatn, straum eller kloakk innlagt. Det som kostar er eit administrasjonsbygg med verkstader, kontor og sanitæranlegg. Det kostar truleg like mykje som halve resten av byen.

Stadig fleire turistar

Det som også gjer at vikingane i Gudvangen har meir tru på prosjeket i dag enn for ti år sidan, er inntektspotensielat. Hansen seier det er stadig fleire turistar som besøker leiren, og med eit skikkeleg tilbod er det mogleg å drive meir kommersielt, meiner han.

Dersom Aurland kommune godkjenner planane, kan arbeidet med byen ta til alt neste vår. Det kan framleis ta nokre år før den står ferdig, men då er og målet å fylle byen med vikingar frå heile Europa - om ikkje som fastbuande, så iallfall i sommarhalvåret, seier Georg Hansen.