Nye reglar hindrar sjokkrekningar

EU grip inn mot skyhøge ringeprisar.

mobil, mobilbrik

No kan du ferieringe med godt samvit.

Foto: NICHOLAS KAMM / AFP

Nye maksprisar som gjeld frå 1. juli i alle EU og EØS- land gjer at norske turistar på Europa-ferie skal unngå telefonrekningar i hundretusenkronersklassen. Maksprisane gjeld for ringing og sending av SMS.

Sperregrense

I tillegg er det innført ei sperregrense for internett-trafikk. Det inneber at du får beskjed på telefonen når du har surfa for 50 euro. Gjev du ikkje beskjed om at du vil halda fram med å bruka internettet, vert internettilgangen sperra når du har svidd av 60 euro.

- Dette er svært gode nyhende for forbrukarane, seier informasjonsdirektør i Post- og teletilsynet, Elisabeth Sørbøe Aarsæther.

Elisabeth Sørbøe Aarsæther

NØGD: Elisabeth Sørbøe Aarsæther.

Foto: Post- og teletilsynet

LES ÒG: Varsling mot mobilsjokk | Russisk nett tappar mobilen

Frå 1. juli skal det ikkje kosta meir enn 3,87 kroner å ringja innafor EU og EØS. Det er gratis å motta tekstmeldingar. For å senda ei tekstmelding skal du maksimalt betala 1,09 kroner. Prisen for å motta ein samtale for same område skal ikkje vera meir enn 1,49 kroner per minutt.

Høge prisar

Tilsynet får kvart år fortvilte forbrukarar på telefon, som har fått skyhøge telefonrekningar etter mobilbruk i utlandet. For nokre har prisen på mobilbruken overstige prisen på heile ferien til saman, fortel informasjonsdirektøren.

- Det har vore særskilt vanskeleg å kalkulera pris på internettbruken. Det er lett å ty til internett på mobilen på ferie. Mange gløymer kor mykje det kostar, seier Aarsæther.

Årsaka til at det har vore vanskeleg å avgjera kor mykje det mobile breibandet kostar, er at norske leverandørar har hatt avtalar med forskjellige nettleverandørar i Europa. Kva nett du har kopla deg på i utlandet, har likevel ikkje noko med kva leverandør du er knytt opp til i Noreg. Einaste måten å reservera seg mot å bruka eit svindyrt nett har vore å skru av telefonen.

Melding om prisar

For ei tid tilbake sidan vart Aarsæther oppringt av ein næringsdrivande. Han hadde fått ei rekning på 200.000 kroner for internettbruken sin i utlandet.

- Slike rekningar blir det no slutt på, stadfestar informasjonsdirektøren i Post- og teletilsynet.

Les òg om paret som lasta ned ei lydbok til 15.000 kroner her.

Du skal alltid få ein sms med prisar for bruk av mobilen når du kryssar landegrenser i EU og EØS.