og
.
Havhesten lek igjen. Badeanlegget har vore omtala som eit skandaleprosjekt. Lekkasjar og ruståtak har prega den korte historia til anlegget sidan opninga hausten 2000. Etter ei omfattande utbetring som strekte seg frå april i fjor til januar i år og kosta 15 millionar kroner, er det no på ny lekkasjar ved badeanlegget. Det er avisa Firda som skriv dette i dag. Bygningskunnige dei har vore i kontakt med seier at utbetringane som har vore gjort ved anlegget, berre har vore delvis vellukka og at ein lyt rive ned veggar for å få greie på omfanget av dei nye lekkasjane som no er oppdaga.
Skal orientere politikarane
Rådmann Fredrik Gulbranson seier han heller ikkje har kjent til dei nye lekkasjane, og at politikarane skal få ei orientering førstkomande måndag.