Hopp til innhold

Nyttårsbarnet kom i Nordfjord

Like før klokka 02 i natt kom nyttårsbarnet i Sogn og Fjordane til verda på Nordfjord sjukehus. Jenta vart også årets første verdsborgar på Nordvestlandet.

Årets nyttårsbarn i Sogn og Fjordane.

Det vesle nurket kom til verda vel tre veker før tida - vog 2850 gram og var 46 centimenter lang.

Foto: Bjørnar Aarvik

Jenta, eit lite nurk på 2850 gram og 46 centimeter lang, kom til verda klokka 0154.

Foreldre er sambuarparet Mona Ervik (26) og Bjørnar Årvik (26) frå Deknepollen. Storesøster er Angelica (3).

- Vatnet gjekk 30. desember og eg hadde med rier heile nyttårsaftan. Fødselen gjekk veldig bra, fortel Ervik og seier alt står bra til med både mor og barn.

Før termin

Ervik har vore innlagt ved sjukehuset sidan vesle nyttårsaftan. Kring 32 timar etter at vatnet gjekk, talde familien frå Deknepollen fire medlemer.

Den vesle jenta kom til verda etter 37 veker og ein dag. Med andre ord ein god del før terminen 23. januar. Angelica kom til verda etter 38 veker.

- Det er hyggeleg det. For barnet sin del er det betre å få 1. januar enn på nyttårsafta. Det er kjedeleg å ha bursdag på nyttårsaftan, seier den stolte mora.

Hoppande glad

Det var Mariann Skjerdal og Eli Kvalsund som fekk den store æra å ta imot årets førstefødde i Sogn og Fjordane. Fødselen gjekk heilt fint. Jenta har fått namn, men familien vil vente med å gå ut med det.

Storesøster Angelica har førebels ikkje fått møte veslesystera si.

- Ho er ikkje komen endå, men då ho vart fortalt at ho var blitt storesyster, så vart ho kjempeglad og klappa i hendene, smiler Ervik.

Tredje året på rad

Dette er tredje året på rad at årets nyttårsbarn i Sogn og Fjordane kom til verda i Eid. Både i 2007 og 2008 vart nordfjordbarnet fødd i Sunnfjord.

- Det er jo heilt glitrande. Det blir jo berre betre og betre. Vi slo Volda med tre minutt, og Førde slo vi mykje meir. No nærmar vi oss nyttårsbarn på Nordvestlandet, jublar jordmor Elin Stølen.

- Glitrande

- I desse tider er det glitrande med litt positiv merksemd. At vi kan settast på kartet på ein positiv måte er kjekt, held Stølen fram og siktar stormen kring sjukehusdebatten.

Det var ingen sjølvfølgje at paret frå Deknepollen fekk årets nyttårsbarn.

- Ho er ikkje den einaste som har gått med rier. Her er full aktivitet på avdelinga, noko som lovar godt for det nye året, seier Stølen.

Slå Volda og Førde

Stølen tvilar på at fødselen held til å få årets nyttårsbarn i Norge.

- Når ein snakkar om årets nyttårsbarn, så snakkar ein minuttar og sekundar. Det hadde vore stor stas, men eg fryktar vi må ta til takke med nyttårsbarnet for Sogn og Fjordane og Sunnmøre, seier ho og legg humrande til:

- Men det viktigaste er å slå Volda og Førde.

P.S. Nyttårsbarnet i på Haukeland i Bergen kom til verda klokka 0021. Nyttårsbarnet i Førde kom til verda klokka 03.