Hopp til innhold

Brannmannskapet skal bli betre rusta til vonde oppdrag

Brann- og redningsvesenet er ofte fyrst på ulykkesstaden. Ny utdanning skal førebu dei betre på oppdrag som går på helse og trussel om sjølvdrap.

Frå venstre Robert Endestad og Bjarte Nesheim i Kinn Brann og redning, saknar kompetanse på området.

YNSKJER MEIR KOMPETANSE: F.v Robert Endestad og Bjarte Nesheim i Kinn Brann og redning, saknar kompetanse på området.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Det gjer sterke inntrykk å møte folk som ønskjer å avslutte livet. Eg vil ikkje seie at eg er godt nok rusta til å handtere slike oppdrag, fortel Bjarte Nesheim i Kinn Brann og redning.

På brannstasjonen i Kinn har dei opplevd ei auking i oppdrag som går på trussel om sjølvdrap. Både Nesheim og beredskapsleiar og varabrannsjef, Robert Endestad, saknar kompetanse på området.

– I dag er det for lite fokus på korleis vi skal handtere slike situasjonar. Det håpar eg den nye utdanninga kan tilby, seier Endestad.

Bjarte Nesheim

Som brannmeister må Bjarte Nesheim stå i mange tøffe situasjonar.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Lite fokus på helseoppdrag

Brann- og redningsvesenet har fleire helseoppdrag no enn før og er ofte den fyrste naudetaten på staden. Det viser statistikk frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

Ingunn Reistad Jacobsen i Fagforbundet meiner dette er problematisk.

Ingunn Jacobsen er kritisk til rolla naudetaten for brann og redning har fått dei siste åra

Ingunn Reistad Jacobsen i Fagforbundet, er kritisk til rolla naudetaten har fått.

Foto: Kjell-Erik N. Kallset / Fagforbundet

– Brann og redning skal ikkje ha hovudansvaret for oppdrag som går på helse, psykiatri og trussel om sjølvdrap. Det skal vere rolla til naudetaten for helse og politi.

Jacobsen legg til at brannmannskapet skal hjelpe til på helseoppdrag, men det er ikkje dei som har hovudansvaret. Ho understrekar at det likevel førekjem, noko som vil krevje betre opplæring.

I noverande utdanning er det inga obligatorisk opplæring i handtering av oppdrag innanfor psykiatri og trussel om sjølvdrap. Fagforbundet har i seinare tid sett søkeljos på temaet.

– Vi har sjølvmordsproblematikken oppe som tema i årets Brannkonferanse, og det vil kome inn som eit emne i den nye utdanninga, fortel Jacobsen.

Ny utdanning skal gi håp

Våren 2024 vil brann og redningsvesenet få ei ny utdanning.

Bjørn Røvik i dsb ser fram mot ei ny utdanning for brannmannskapet

Bjørn Røvik i dsb ser fram mot ei ny utdanning for brannmannskapet.

Foto: FOTO: privat

– Målet er å tilby ei utdanning som skal sikre brannmannskapet til å møte framtidas utfordringar, seier Bjørn Røvik, som er seksjonsleiar for den nye fagskulen.

Han er klar på at ei auking i oppdragsmengde set høge krav til brannmannskapet.

– Vi skal tilby kurs i emosjonell fyrstehjelp. Det vil også bli opplæring i å møte pårørande og kollegaer, fortel Røvik.

Han kan derimot ikkje seie noko om kva som er planen for å heve kompetansen til brannmannskapet som allereie er utdanna.

– Vi har tilbod om kurs, men vi har ikkje hatt stort fokus på det. Vi håpar at den nye utdanninga kan smitte over på andre tilsette.

– Det vil vere opp til brannsjefen å sørge for at mannskapet er rusta til å handtere oppdraga dei skal ut på, legg Røvik til.

Harde prioriteringar

– Vi er nøydd til å prioritere trening på dei lovpålagde oppgåvene vi skal ha. Difor har ikkje opplæring omkring slike type oppdrag fått like stor plass hjå oss, seier beredskapsleiar Kinn, Robert Endestad.

Brannsjef i Kinn kommune, Robert Endestad

Beredskapsleiar, og varabrannsjef i Kinn, Robert Endestad, understrekar at dette er ein prioriteringssak.

Foto: FOTO: Oddmund Haugen / NRK

Endestad legg til at 90 prosent av brannmannskapet hans er deltidstilsette og har eit anna yrke. Noko som gjer det økonomisk og tidsmessig krevjande å kurse alle.

– Det er positivt med auka merksemd på problematikken. Vi treng meir opplæring på det, erkjenner Endestad.

Brannsjefen i Bømlo har tatt grep

I likskap med andre i brann- og redningsvesenet opplever brannsjef i Bømlo Ove Halleraker, at dette er vanskelege oppdrag. Han har difor forsøkt å heve kompetansen hjå brannmannskapet.

Brannsjef i Bømlo, Ove Halleraker

Ove Halleraker arbeider med å førebu mannskapet på krevjande helseoppdrag.

Foto: Olav Røli / NRK

– Psykiatri og trussel om sjølvdrap er eit område vi har tatt tak i dei siste åra. Vi har prøvd å gje betre opplæring som førebur brannmannskapet i møte med slike oppdrag, seier Halleraker.

Brannsjef Ove Halleraker, Frode Grønnås og Glenn Sagvaag.

Brann og redningsvesenet i Bømlo er blitt gode på å snakke saman etter vanskelege oppdrag. Frå venstre Ove Halleraker, Glenn Grønnås og Frode Sagvaag

Foto: Olav Røli / NRK

Han fortel at dei har leidd inn psykologar og ekspertar til å kurse brannmannskapet. Halleraker understrekar også at dei har arbeidd mykje med korleis dei skal ta vare på den psykiske helsa til mannskapet.

– Fleire av dei oppdraga vi har er psykisk belastande for mannskapet. Vi har difor arbeidd med å skape gode rutinar som varetar helsa deira.

Les også : Brannmann Stein er dobbelt så utsatt for stresslidelser som andre