Klubben vart tysdag kveld samde med spelaren og hans tidlegare klubb, 2. divisjonslaget FK Fyllingsdalen, om overgangen.
Spelaren vert samanlikna med den slepne midtbaneteknikaren Anders Stadheim, som i mange år herja på midtbana til Sogndal.
– Vi er glade for å få Kristoffer inn i A-lagsstallen. Han er ein anvendeleg, teknisk god spelar med eit godt fotballhovudet. Han kan likne litt på ein Anders Stadheim-kopi, seier sportsleg leiar Håvard Flo til sogndalfotball.no.
Ut 2015-sesongen
Nesse Stephensen har vore i Sogndal sidan august i fjor, der han trena med Sogndal 2.
For A-laget spelte han første omgang i treningskampen mot Fana, medan han spelte heile treningskampen mot Aalesund. No har 22-åringen skrive under ein kontrakt som gjer han til Sogndal-spelar ut 2015-sesongen.
– Vi er stolte over at vi endå ein gong har henta ein spelar som har gått i gjennom andrelagssystemet. Han har trena med oss fast sidan nyttår, då vi ynskte å sjå om dette kunne passe for han og oss. Dette gjorde at vi fekk god kjennskap til han, både på og utanfor bana, avsluttar Flo.
Frå før er Erik Dahlin og Rune Bolseth nye i høve til fjoråret.