Hopp til innhold

Ny skjebnekamp for Sogndal

Søndag møter Sogndal Tromsø heime på Fosshaugane, og det blir endå ein skjebnekamp for heimelaget.

Sogndal varmar opp.

VARMAR OPP: Ricardo Santos, Malick Mane, Azar Karadas og Eirik Bakke varmar opp til oppgjeret mot Tromsø.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sogndal har statistikken på si side. Berre ein gong har nordlendingane teke med seg alle tre poenga frå Fosshaugane, medan Sogndal har vunne seks kampar og det har blitt fire poengdelingar.

Men assistenttrenar Tom Mangersnes trur det blir ein tett og jamn kamp utan mange målsjansar.

– Vi møter eit veldig godt lag. Det er kanskje det laget i Norge som saman med Rosenborg har vist den beste formen over litt tid. Vi forventar ein tøff kamp og eg trur ikkje det blir mykje mål og målsjansar, seier han.

Sogndal ligg på 15. plass og nest sist på tabellen med 20 poeng, sju poeng føre Stabæk på sisteplass. Fredrikstad og Sandnes Ulf har begge 21 poeng.

Du kan følgje kampen minutt for minutt på nrk.no. Etter kampen kan du lese fyldige nettartiklar frå oppgjeret på Fosshaugane.