Hopp til innhold

Slepp tiltale etter dødsulukke

Statsadvokaten vil ikkje ta ut tiltale mot ein yrkessjåfør etter dødsulukka i Aurland for to år sidan.

Trafikkulukke i Flåm

Føraren av vogntoget kan ikkje lastast, meiner politiet og legg vekk dødsulukka i Aurland for to år sidan.

Foto: Arve Uglum / NRK

Det var på Fretheimsbrua at ein semitrailer fekk sleng på det svært glatte føret. To personbilar kom i klem mellom traileren og autvernet. Ei 69 år gamal kvinne frå Flåm mista livet, medan to personar vart alvorleg skadde.

- Det blir stilt strenge krav til aktsemd hjå sjåførar om å tilpasse seg lokale forhold, men vi meiner at det ikkje er bevist utover ei kvar fornuftig tvil at sjåføren av semitraileren har vist aktløyse i denne saka, seier statsadvokat Jogeir Nogva.

Glatta avgjerande

I alt seks personar vart sende til sjukehus etter den tragiske ulukka. Det vart tidleg konstatert at brua, som er mellom Flenjatunnelen og Fretheimstunnelen, var svært glatt på staden. Det er årsaka til at også Sogn og Fjordane politidistrikt innstilte på å legge vekk saka.

- Det dominerande i saka er at det var spesielt glatt på brua. Det stadfesta friksjonsmålinga, og også redningsmannskap som kom til staden opplyste at det var så glatt at dei hadde problem med å halde seg på beina, sier Nogva.

Eit tragisk uhell

Føraren av semitraileren forklara at det var først på bura at han opplevde det som spesielt glatt. Statens Vegvesen fekk kritikk for vedlikehaldet etter ulukka og Statens Havarikommisjon gjennomførde utvida gransking .

- Det er, og må vere, rom for tragiske uhell som ikkje får strafferettslege følgjer for dei som er involvert. Slik vi vurderer det, så er dette eit døme på det, seier Nogva.

Pårørande har høve til å klage henlegginga til riksadvokaten.