Knarr ligg i den nordlege delen av Nordsjøen, kring 120 kilometer vest for Florø. Det er BG Norge AS som er operatør.
- Ei utbygging av Knarr vil medverke til å vidareutvikle eit driftsmiljø i Florø. Dette er eit godt eksempel på korleis petroleumsverksemda fører til sysselsetting og verdiskaping langs kysten, seier olje- og energiminister Ola Borten Moe.
Utviklar i Florø
BG Norge, som er operatør, planlegg å lokalisere ei driftsavdeling og innkjøps- og logistikkfunksjon på basen i Florø. Investeringane knytt til det nye feltet er rekna til 11,2 milliardar kroner.
- Det at også nye selskap deltek i utbyggingsfasen viser auka mangfald i aktørbiletet på norsk sokkel, seier Borten Moe.
Knarr var tidlegare kjent under namnet «Jordbær-funnet».
- LES OGSÅ:
Oppstart 2013
Utrekningar viser at det er mogleg å utvinne mellom åtte og 25 millionar standard kubikkmeter oljeekvilvalentar inkludert tilleggsressursar frå prospektet Knarr vest. Dette tilsvarar kring 50 millionar til 157 millionar fat olje.
Feltet skal byggast ut med innretningar på havbotnen knytt opp mot eit produksjonsskip med lager.
Operatøren planlegg produksjonsstart i 2013, og driftsfasen er venta å vere mellom seks og 20 år.