Hopp til innhold

Lovande oljefunn vest av Måløy

Oljefunnet som vart gjort i sommar nordaust for Snorre-feltet viser seg å vere svært lovande.

Det var oljeselskapet BG som gjorde funnet. No er det bora ein avgrensingsbrønn for å finne ut kor stort funnet er.

Jordbær Central

Førebelse anslag viser at det går an å utvinne mellom 57 og 100 millionar fat olje i brønnen som er bora, skriv selskapet i ei pressemelding. Prosjektet har fått namnet Jordbær Central.

Drivverdig

Selskapet trur det skal vere endå meir olje i området, og det er planar om å bore fire til seks brønnar til, men BG trur alt no at funnet er drivverdig.