Bjørnen kryssa vegen 70 meter framfor bilen til Tonheim, som var på veg til Hopen.
- Bjørnen var på storleik med ein stor sau. Han var lys brun på toppen og mørkare på sida, seier han.
Fann spor
Tonheim stoppa og såg etter bjørnespor i vegkanten der bjørnen hadde kryssa. Det var mykje mose i området, men han kom over eit spor som var på storleik med ein vaksen knyttneve.
Tonheim er ikkje overraska over at han såg bjørnen.
- Eg hadde høyrt om den førre observasjonen, så eg har i grunnen sett etter bjørnen, seier han.
Framme på jobben var bjørnen eit naturleg samtaletema. Mange av kollegaene til Tonheim lurar no på om dei kanskje må slutte å gå på tur, av frykt for bjørn.
Observert tidlegare
Bjørnespor på Sunnarvik i Eikefjord
Foto: MMS- Evert HavnFredag i førre veke kom også ein jeger over ein bjørn i Eikefjord. Jarle Oddgeir Solheim og sonen Sander (8) såg bjørnen i 19-tida på kvelden. Sjølv om det var mørkt er han ikkje i tvil om at det var bjørn han såg.
- Om lag 400 meter frå meg kom bjørnen inn i kikkertsiktet. Eg følgde den til han var 100 meter frå meg. Det var veldig skremmande for både meg og guten. Men vi kunne ikkje berre springe der i frå, seier han.
Sjå