Hopp til innhold

Såg bjørn i Eikefjord

- Ein kan ikkje ta feil av dette sporet. Vi såg eitt til som ikkje kan skuldast noko anna enn ein bjørn, seier Evert Havn til NRK Sogn og Fjordane.

Bjørnespor på Sunnarvik i Eikefjord.

Bjørnespor? Dette er sporet jegerane i Eikefjord meiner stammer frå bjørnen.

Foto: MMS- Evert Havn

Havn var søndag ute i området der Jarle Oddgeir Solheim og sonen Sander (8) såg bjørn på Fredag. Statens Naturoppsyn (SNO) hevdar dei ikkje fann spor etter bjørnen.

Såg bjørnen

I austre del av bøen fann derimot Evert Havn det han meiner er soleklart bevis på at det er bjørn i Eikefjord. Solheim såg bjørnen i 19-tida på kvelden. Sjølv om det var mørkt er han ikkje i tvil om at det var bjørn han såg.

- Om lag 400 meter frå meg kom bjørnen inn i kikkertsiktet. Eg følgde den til han var 100 meter frå meg. Det var veldig skremmande for både meg og guten. Men vi kunne ikkje berre springe der i frå, seier han.

Kom ut frå skogen

Såg bjørnen: Jarle Oddgeir Solheim og sonen Sander Solheim (8).
Foto: MMS- Evert Havn

Solheim er medlem i eit jaktlag som leiger jaktområde på Sunnarvik. Han låg på lur i skogen og venta på hjort då bjørnen dukka opp i skogkanten. I vel to minutt følgde han dyret.

Bjørnen skal ha gått over dyrka mark og myrterreng, før den forsvann om lag 100 meter frå jegeren. Solheim melde frå til politiet om observasjonen.

Kan ikkje stadfeste

Statens Naturoppsyn sende laurdag Ingjald Hauso og Rein Arne Golf til Eikefjord for å prøve å finne spor etter bjørnen.

- Vi gjekk gjennom terrenget som bjørnen skal ha gått i, men fann verken avtrykk eller hår som stadfestar at det var ein bjørn der, seier Golf. Han vil ikkje spekulere i kva dyr Solheim såg på staden. Det er tidlegare ikkje kjent at det er bjørn i Eikefjord.

Bjørnen kryssa denne bøen ved Engabø i Eikefjord.
Foto: MMS- Evert Havn

Ynskjer fleire tips

- Sjølv om vi ikkje fann spor, så kan vi ikkje garantere at det ikkje har vore ein bjørn der. Men vi kan heller ikkje stadfeste det motsette, legg Golf til. I fjor vart ein bjørn observert på vandring gjennom store delar av Sogn og Sunnfjord. Den kravde også fleire saueliv. Ulike møter mellom bjørn og menneske ved svenskegrensa har den siste tida uroa fleire jegerar. Golf ber folk melde frå om andre moglege observasjonar av bjørnen i fylket.

- Vi ynskjer fleire opplysningar og vil ha inn melding. Er folk uroa, så må vi ut og kontrollere, seier han.

Liknar på bjørn, men...

Golf meiner fotavtrykket som NRK har kan vere samansett av fleire sporavtrykk etter dyr. Denne meininga deler også Ole Jakob Sørensen i Steinkjer. Han er av mange nytta som ekspert på bjørnar. Han har stor forståing for at mange trur det kan vere bjørnespor.

- Eg kan ikkje utelukke at det er bjørn. Fasongen på avtrykket er slik vi kjenner det og i toppen av avtrykket kan det vere tåputer og klør. Samstundes harmonerer ikkje dette med bjørnespor. Eg saknar tydelege tåputer som skulle stått parallelt med klørne, seier han.

- Det kan godt vere at bjørnen er observert, men dette treng ikkje vere eit bjørnespor, legg Sørensen til.

- Ikkje usannsynleg

Fleire lokalkjende som NRK Sogn og Fjordane har vore i kontakt med, meiner det ikkje er usannsynleg at Solheim såg ein bjørn. For 30 år sidan gjekk det rykte om bjørn i Steindalen. Og for åtte-ti år sidan opplevde bønder å finne sauer med kloremerke. Det kan også tyde på jerv. I tillegg skal ein bonde ha mista over 30 dyr ein vinter.

- Det er mykje sau og hjort i området. Og dette luktar bjørnen, seier ein til NRK Sogn og Fjordane.