– Dette er særs alvorleg. Klimaforskarar har åtvara oss mot dette. No ser me at det har vore ei temperaturauke på grunn av klimautslepp, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H).
- Les også:
Hordaland fylkeskommune har fått utarbeidd ein klima- og energistatus for Hordaland i 2014. Målingar gjort på Florida i Bergen viser ein temperaturauke på 1,9 grader sidan 1970.
Tilsvarande tal frå Slåtterøy viser ein auke på 1,3 grader.
Fylkesordføraren: – La bilen stå
Torsdag behandla fylkesutvalet handlingsprogrammet til klimaplanen for Hordaland. Fylkesordføraren seier at politikarar og folk flest må bidra til å snu utviklinga.
– Det er snakk om ei rekke tiltak der me forsøker å redusere utsleppa frå Hordaland. Me må rett og slett gjera det me kan. Små tiltak kan gjere store skilnader, seier Nilsen.
– Det viktigaste folk kan bidra med er å la bilen stå, og vere flinkare til å bruke beina, seier han.
– Me treng ei internasjonal avtale
Fylkesordføraren seier det aller viktigaste for klimaet er å få til ei internasjonal avtale om utsleppskutt på eit toppmøte i Paris til neste år.
– Der er ein heilt nøydde til å kome fram til ei avtale. Dette er siste sjanse. Der må det internasjonale kome til ei avtale, elles er eg redd for at kampen er tapt.
- LES OGSÅ:
– Føle du deg som fylkesordførar for Hordaland makteslaus overfor desse utfordringane?
– Eg er realistisk og veit at me har avgrensa innverknad på dette. Men det er ingen vits i å kjenne seg makteslaus. Folk må gjere det dei kan innanfor sitt område.
3,4 gradar over snittet i Noreg i år
Professor Helge Drange ved Bjerknessenteret seier at temperaturauken skuldast ein kombinasjon av global oppvarming og naturlege svingingar i klima.
2014 teiknar også til å bli eit temperaturmessig rekordår.
- LES OGSÅ:
– Hittil i år er gjennomsnittet for Noreg 3,4 grader over, medan den for Vestlandet er 5,4 grader over, seier Drange.
Han er einig med Nilsen i at Hordaland blir små i den globale samanhengen.
– Men om ein til dømes deler Kina inn i provinsar, blir jo også dei små einingar. Me har eit moderne samfunn, og er nøydde til å få ned utsleppa. Me har klart eit ansvar, meiner Drange.
Industrien må omstille seg til ei ny tid, der kull, olje og gass må bort frå energiproduksjonen, meiner han.
– Å sitje på gjerdet og vente vil vere ein stor risiko, seier Drange.