Hopp til innhold

Denne ferjerevolusjonen blir forseinka - «Ampere» i drift i løpet av januar

Batteriferja «Ampere» kjem ikkje i drift på sambandet Lavik-Oppedal frå årsskiftet slik det var planlagt. Norled tek sikte på at det skjer i løpet av januar.

Batteriferja Ampere

LITT FORSEINKA: Batteriferja «Ampere» kjem i drift, om ikkje så brått.

Foto: Norled

«Ampere» er den første batteridrivne ferja i verda, og det må ein del testing og tilpassing til før den kan settast i ordinær drift, seier administrerande direktør Ivan Fossan i Norled.

– No skal vi bruke januar månad til ei god og sikker innfasing slik at vi får dette utstyret til å samsnakke på ein god måte. Det er ingen som har gjort dette før i verda, difor er det litt krevjande å seie det meir eksakt enn i løpet av januar.

Ivan Fossan

LOVAR AUKA KAPASITET: Adm. dir. Ivan Fossan i Norled.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Likevel auka kapasitet

Det er montert ladestasjonar i Lavik og på Oppedal, og ferja skal kome til Sognefjorden første veka i 2015. Men det vil gå litt tid med testing av utstyret både på land og om bord i ferja.

Norled overtek drifta av ferjesambandet Lavik-Oppedal frå årsskiftet etter at Fjord1 og tidlegare Fylkesbaatane har hatt ansvaret sidan sambandet over fjorden vart opna i 1955, då mellom Lavik og Instefjord.

Men Ivan Fossan presiserer at sjølv om «Ampere» ikkje kjem i drift som planlagt, så vil det likevel bli ein auke i kapasiteten på ferjesambandet frå årsskiftet sjølv om det berre blir to ferjer i drift.

– Vi er blitt samde med oppdragsgjevar (Statens vegvesen) om å forsterke kapasiteten frå nyttår, slik at den blir auka med 40 prosent. Vi får auka frekvens, det vil seie at ferjene går hyppigare enn i dag.

Og på fredagar og søndagar vil Norled sette inn ekstra kapasitet for å ta unna eventuelle trafikktoppar.