Hopp til innhold

NVE beklagar at grunneigarane i Naustdal vart for dårleg informert

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) beklagar no at grunneigarane i Naustdal ikkje vart varsla om at Statnett ville grave seg tvers gjennom lakseelva Nausta i november.

Graving i Nausta

GROV I ELVA: Statnett meinte det ikkje var anna løysing enn å grave seg gjennom vassdraget.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Det vekte stor oppsikt då Statnett valde å leggje eit kabelrøyr tvers over det verna vassdraget i samband med storutbygginga frå Fardal til Ørskog, i staden for gjere nye forsøk på å bore seg veg under elva.

Elveeigarlaget gjekk då ut og var særs lite nøgde med korleis Statnett informerte om det som skulle skje. No får dei støtte frå NVE som legg seg flate for at grunneigarane ikkje fekk tilsendt planen for Nausta direkte.

NVE beklagar

– Det må vi berre få beklage. Dei som normalt sett har høve til å klage på ein slik plan er utbyggjar, i dette tilfellet Statnett. Her var elveeigarlaget så sentralt i dette at dei sjølvsagt burde ha fått det vedtaket direkte utan at det gjekk via Statnett, seier overingeniør i NVE, Kristin Evjen.

Ho arbeider i miljøseksjonen hos NVE, og peikar på at dei føl nøye med korleis Statnett som utbyggjar fer fram i arbeidet med Ørskog-Fardal-lina. Men ho vil avvente om det blir aktuelt med sanksjonar mot Statnett etter hendinga i Nausta.

– Føler seg veldig liten

Grunneigar Arne Grimseth i Naustdal var ein av dei som blei skikkeleg fortørna over Statnett si framferd i elva.Han var på ingen måte nøgd med det skjedde på elvebreidda og ute i elva. Han følte seg overkøyrd og dårleg behandla av Statnett.

– Ein føler seg veldig liten og veldig overkøyrd i dette systemet. Eg trudde vi levde i eit demokratisk samfunn, men etter min kamp med Statnett og NVE dei dei siste seks åra så har den trua fått ein alvorleg knekk. Dei har overhovudet ikkje teke omsyn til meg som rettigheitshavar i dette området, sa Grimseth til NRK då gravinga var eit faktum.

– Ikkje ønska løysing

– Det var jo ikkje den ønska løysinga. Når alt kom til alt så var jo dette den løysinga som var mogleg å få til, og den planen skulle jo då ta høgde for at dette blei gjort på ein skikkeleg måte. No har det vore undersøkingar i ettertid i regi av elveeigarlaget, og Statnett er og i gong med å gjere etterundersøkingar. Det vil jo vere førande for vår vidare handsaming av saka.

– Finst det i såfall sanksjonar NVE kan gjennomføre mot Statnett?

– Eg trur vi må vente å sjå kva resultatet av dei undersøkingane blir, det er umogleg for meg å ta stilling til no, seier Evjen.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Statnett har starta graving for å leggje ei eldre kraftlinje i kabel i elva Nausta. Arbeidet er godkjent av NVE, men elveigarane fryktar for laksen si gyting i elva som var landets nest beste lakseelv i fjor.

Grunneigarane var rasande då Statnett starta å grave seg gjennom elva.

– Kontakta grunneigarane

Ho peikar på at trass protestane frå elveeigarlag og grunneigarar så låg det jo ope i korta heile vegen at det kunne bli naudsynt å grave i staden for å bore seg under elva.

–Då det var klart at ein var nøydd til å grave for å kome over, så sette vi som vilkår at Statnett kontakta grunneigarane og informerte dei om igangsetjinga. Det gjorde dei kvelden dei sette i gang med arbeidet, det var seinare då oppsummert skriftleg til kvar einskild. Etter det høyrde verken Statnett eller vi noko. Det kom ikkje inn nokon klager eller noko som som skulle gjere at vi skulle sjå nærare på det.

– Burde ikkje Statnett vore flinkare til å informere?

– Dei venta jo på at vassføringa skulle synke. Fylkesmannen hadde i utgangspunktet sagt ut november som ein frist. Det var årsaken til at dei ville utnytte den låge vassføringa som var akkurat på det tidspunktet. Det var jo difor dei ville i gang så fort som råd var.