Hopp til innhold

Statnett innrømmer at dei braut klagefristen

Statnett innrømma torsdag kveld at dei starta gravearbeidet i elva Nausta før klagefristen til grunneigarane var gått ut.

Statnett har starta graving for å leggje ei eldre kraftlinje i kabel i elva Nausta. Arbeidet er godkjent av NVE, men elveigarane fryktar for laksen si gyting i elva som var landets nest beste lakseelv i fjor.

Graving i Nausta

– Ja, Statnett har starta arbeidet før klagefristen var gått ut, men vi gjer ikkje noko ulovleg, fordi at det arbeidet som skal utførast i høve til den planen som er godkjend av NVE. Det er ingen som har klaga på den, enn så lenge.

Det seier informasjonsrådgjevar i Statnett, Martha Hagerup Nilson, til NRK. Ho legg til at det er heilt naudsynt å gjennomføre arbeidet no sidan vasstanden er låg.

– Føler seg liten

Men grunneigar Arne Grimseth i Naustdal er på ingen måte nøgd med det som no skjer på elvebreidda og ute i elva. Han føler seg overkøyrd og dårleg behandla av Statnett.

– Ein føler seg veldig liten og veldig overkøyrd i dette systemet. Eg trudde vi levde i eit demokratisk samfunn, men etter min kamp med Statnett og NVE dei dei siste seks åra så har den trua fått ein alvorleg knekk. Dei har overhovudet ikkje teke omsyn til meg som rettigheitshavar i dette området, seier Grimseth.

Arne Grimseth får kraftlinja rett over garden

OPPGITT: Arne Grimseth synest ikkje noko om gravinga til Statnett. Han meiner at dei ikkje held fristane.

Foto: Arne Grimseth / Arne Stubhaug

– Rimeleg arrogant

Han reagerer svært sterkt på at Statnett først kom med eit varsel om gravinga den 13. november, så brått fekk han e-post den 26. november der dei gav beskjed om at gravinga ville starte alt dagen etter.

– Eg synes det er ein rimeleg arrogant måte å gjere det på. Det viser jo at vi som grunneigarar i realiteten har veldig lite vi skulle ha sagt i dette. Når ein så klar ting som ein klagefrist som er nedfelt i Forvaltningslova ikkje blir halden, så talar jo det eigentleg for seg sjølv, seier Grimseth.

– Unnvikande svar

– Har du tidlegare vore klar på at dette er noko du ikkje går med på?

– Ja, dette har eg teke opp med Statnett både skriftleg og munnleg. Statnett har hatt fleire orienteringsmøte om 420-voltlina som skal gå over eigedomen min, og eg har då teke opp dette spørsmålet og spurt om dei er sikre på at dei kjem under elva med den styrte boringa dei har planlagt. Då har svaret alltid vore litt unnvikande, men dei har sagt at det trur vi, det reknar vi med og at det skal dei klare.

Legg seg flat

Martha Hagerup Nilson i Statnett sler fast at dei ikkje kjem til å avslutte arbeidet i Naustdalsvassdraget før dei er ferdige. Men ho beklagar at Arne Grimseth føler seg dårleg behandla.

– Dersom han føler at opptredd arrogant, må eg jo berre legge meg flat og seie beklager, seier ho.

– Men at de kjem med andre brev, opphevar vel ikkje det første brevet med beskjed om klagefrist frå NVE?

– Det opphever ikkje det, det gjer det ikkje.