Nostalgiske timar i Stryn

Stryningane tok utfordringa på strak arm og pussa støv av både gamle treski, stavar og sjølvsagt representative klede.

Under treskimeisterskapen var det både kondomdress og moderne ski forbode. 25 personar i alderen 18 til 50+ stilte på startstreken.

- Veldig flott at så mange hadde gjort seg skikkeleg føre og stilte med både gamle treski og representativt kledd, fortel Torstein Tvinnereim, mannen bak ideen.

- Folk kosa seg

Med speakerteneste og toradarspeling vart det ei upåklageleg stemning laurdag ettermiddag i Stryn. Midt i den kring tre kilometer løypa diska arrangørane opp med matstasjon med både mat og saft til deltakarane.

- Det var faktisk veldig god stemning. Folk kosa seg både før og etter. Det var utruleg moro for både deltakarar og publikum. Det var lite høge skuldrar å skimte, seier Tvinnereim.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Treskirenn i Stryn

Det var ikkje alle som kom ned denne bakken utan knall og fall.

Foto: Øystein Torheim/NRK

Flott blanding

- Det var ei flott blanding av folk som har gått på ski, og folk som i alle fall ikkje har hatt startnummer på brystet i vaksen alder, held han fram.

Med snø i sentrum, der ein kan gå ski både på fortau og i vegbana, såg Tvinnereim mogelegheit til å arrangere eit utradisjonelt skirenn i sentrum. Fredag kveld gjekk fem personar opp løypa.

- Som i gamle dagar

Takka vere vinden måtte løypa gåast opp att kort tid før den uhøgtidelege konkurransen tok til. Vinnartida vart på knapt 12 minutt.

Treskirenn i Stryn

Endåtil ordførar Nils P. Støyva pussa støv av gamle treski.

Foto: Øystein Torheim/NRK

- Det vart om lag som å sjå på filmar frå gode gamle dagar. Folk med treski og gamalt antrekk som gjekk i lause fine spor, gjenblåst her og der. Og raude sløyfer som markerte løypa. Matstasjon med mat og saft høyrer også med, seier Tvinnereim.

Utfordrande bakke

Løypa var heller ikkje fri for utfordringar. Den gjekk delvis i sentrum og delvis ute på ein bø.

- Og midt i løypa var det ei bra unnakøyring. Det var vel ikkje alle som kom seg ned den bakken, ler Tvinnereim. Han fortel meisterskapen gav meirsmak. Tvinnereim trur at eit nytt renn vil samle endå fleire deltakarar.

Gav meirsmak

- Dette viser at når folk blir trigga av ein idé, så er det mykje ein kan arrangere og det blir moro. Det var ikkje alle som leitte fram treski denne gongen, men om vi finn på dette igjen så trur eg at både publikumarar og deltakarar tykte det var så moro at dei blir med, seier han og legg til:

- Vi fekk i alle høve gode tilbakemeldingar.