Laurdag var det nostalgiske timar i eit snødekt Stryn sentrum.
Deltakarane gjekk i ei løype på kring tre kilometer.
Rennet hadde både start og innkomst midt i Stryn sentrum. Etter rennet var det både premieutdeling og OL quiz. - Ein folkefest, akkurat slik langrenn var i gode, gamle dagar, seier Torstein Tvinnereim.
Alle deltakarane måtte gå på på treski.
Denne bakken var det ikkje alle som takla.
Det er ikkje ofte
Med strålande sol og god vinterstemning vart det ei flott og nostalgisk oppleving både for deltakarar og publikumarar.
Det var lite høge skuldrar å skimte blant deltakarane.
Skal det vere, skal det vere. Gamle treski og gamle stavar høyrer heime i eit treskirenn.
Teknikken med å få tåa først over målstreken fungerer like godt om det er treski under beina.
I alt 25 løparar stilte på startstreken. Dei aller fleiste frå Stryn.
Det er ikkje ofte ein kler seg i god gamal stil. Slike minne må sjølvsagt forevigast.
Også ordførar Nils P. Støyva pussa støv av sine gamle ski og stilte på startstreken.
Ein trestav måtte gje tapt på tur gjennom sentrum.
To indre og vekk med han, heiter det på skøytespråket. Her er det i alle høve om å gjere å runde hjørnet først.
- Det var veldig flott at så mange hadde gjort seg skikkeleg føre og plukka fram treskia og representative klede, seier Torstein Tvinnereim.
Det er ikkje ofte ein har skikonkurranse i Stryn sentrum.
I fint driv mot mål.
Her er det berre å sette utfor, og la det stå til
Med berre ei ski sette denne karen kursen mot mål.
Greitt å samle kreftene att etter målpassering.
Skal det vere, så skal det vere. Ikkje nymoderne skibindingar her.