Hopp til innhold

Barnehagelærarar orkar ikkje å stå i tidspresset

Høgt sjukefråvær og vanskelege arbeidsforhold gjer at mange barnehagelærarar ser for seg å slutte i jobben innan tre år, viser ei ny undersøking.

Jenny Kårstad

– Det viktigaste er jo borna, det er dei som må vere i fyrste rekke, seier pedagogisk leiar Jenny Kårstad.

Foto: Julie Haugen / NRK

– Ein elskar jo jobben sin som barnehagelærar, det gjer i alle fall eg. Det er ein veldig takknemleg jobb, seier Jenny Kårstad.

33-åringen er pedagogisk leiar i Vie barnehage i Førde. Sjølv har ho gode opplevingar i jobben sin, men det overraskar ho ikkje at andre har verre opplevingar.

For ein ny rapport frå Utdanningsforbundet viser at dårleg bemanning går utover kvaliteten i barnehagen.

Eit av hovudfunna er at berre 13 prosent av barnehagelærarar i Noreg får brukt timane som er sette av til å planlegge det pedagogiske innhaldet i barnehagen.

Kårstad trur mange barnehagelærarar føler at dei ikkje strekker til.

– Eg trur at dei kjenner på at dei ikkje får gjort jobben sin slik dei vil, og at dei då endar opp med å gå rundt med dårleg samvit, seier ho.

Les også Fryktar utrygge barn: – Bemanninga i norske barnehagar er kritisk

Foreldre Kristine og Tonje

Meiner barnehagen blir «redusert til ein tilsynsordning»

I 1972 hadde barnehagelæraren fire timar av veka til planarbeid.

I dag er framleis kravet minst fire timar. Men dette klarar dei færraste å få tid til i arbeidskvardagen.

– Kravet om pedagogisk innhald har auka, men tid sett av til planlegging i barnehagen har vore det same sidan 1970-talet, seier Kårstad.

Nærare fire av fem forklarar manglande tid til planlegging med at dei ser på det som uforsvarleg å gå frå ungane.

Jenny Kårstad

Jenny Kårstad er ein av få som får brukt dei minimum fire timane som er sett av til planlegging.

Foto: Julie Haugen / NRK

Fylkesleiar i Utdanningsforbundet i Vestland, Steinar Strømsli, seier til NRK at dei stadig får rapportar om at barnehagelærarar ikkje har tid til å nytte seg av timane, fordi dei er nøydde til å vere ute i avdelinga saman med borna.

Det er veldig belastande for dei tilsette og når det skjer over tid, noko det gjer ifølgje rapportane våre, så er det ikkje rart at nokre ønskjer å søke seg vekk ifrå jobben og finne seg noko anna å gjere, seier han.

Leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal, meiner at lav bemanning gjer at barnehagen blir «redusert til ein tilsynsordning».

Steinar Strømsli

– BELASTANDE: Steinar Strømsli i Utdanningsforbundet seier at dei stadig får rapportar om at barnehagelærarar ikkje har tid til å nytte seg av timane, fordi dei er nøydde til å vere ute i avdelinga saman med borna.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Bemanningskrise

I Noreg manglar nesten 2600 barnehagelærarårsverk for å oppfylle barnehagelærarnorma.

Norma fortel kor stor andel av barnehagens tilsette som skal vere barnehagelærarar. I dag er den på 43 prosent.

Strømsli meiner at både barnehagelærarnorma og bemanningsnorma må styrkast. Bemanningsnorma er grunnbemanninga i barnehagen.

Vi er nøydd til å få dei sentrale myndigheitene til å endre på lovverket slik at vi styrkar både pedagognorma og bemanningsnorma, dei er rett og slett for dårlege, seier han.

Vil tilsetje 13.300 barnehagelærarar innan 2030

I vår vedtok regjeringa ei ny målsetjing der 60 prosent av tilsette i barnehagen skal vere barnehagelærarar innan 2030.

Dersom ein skal nå målet må det tilsetjast 13.300 barnehagelærarar innan sju år i eit yrke der søkartala går ned og fleire ser for seg å slutte.

Statssekretær Kjetil Vevle

Statssekretær Kjetil Vevle meiner det er viktig å understreke at norske barnehagar er veldig gode og tar godt vare på borna våre kvar einaste dag.

Foto: Kunnskapsdepartementet

På ein e-post svarar statssekretær for kunnskapsdepartementet Kjetil Vevle:

«Regjeringa har høge ambisjonar om å både auke andelen fagarbeidarar og barnehagelærarar i åra som kjem. Det skuldar vi borna, men det er også viktig for dei som jobbar med borna».

Etter at regjeringa la fram sitt forslag til statsbudsjettet fredag meiner leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal at det verken er midlar her til å løyse den akutte bemanningskrisa eller ein plan for å nå målet om 60 prosent barnehagelærarar.