– Desse dokumenta er vakre og spektakulære på same måten som vikingskipa, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre.
Han legg til at det «er nesten ikkje målbart kor glad eg er».
Gleda skuldast at Nasjonalbiblioteket får låne fem manuskript frå Det kongelege bibliotek i København.
Blant dokumenta er den eldste fullstendige versjonen av den eldre Gulatingslova, som vart skriven mellom 1250 og 1300.
Boka vart i fjor innlemma i Noregs dokumentarv, som er eit register over dei viktigaste dokumenta i norsk historie.
Midt i begeistringa vart det også uttrykt sorg over at originalen oppheldt seg i Danmark, og ikkje i Noreg, «der han høyrde heime».
No kjem altså manuskriptet tilbake – om enn på lån.
Den formelle førespurnaden til Det kongelege bibliotek i København vart retta av kultur- og likestillingsminister Abid Raja.
– Eg kan allereie no seie at det blir stort å få desse stilte ut i Noreg, seier han.
– Veldig bra. No mo vi berre få byseglet heim til Bergen også, skriv SV-leiar Audun Lysbakken på Facebook.
LANDSLOV: Codex Hardenbergianus, Magnus Lagabøtes landslov.
Foto: Gorm K. Gaare / Gorm K. GaareEin diplomatisk nøtt
Å flytte manuskripta frå eit kvelv i Danmark over til Nasjonalbiblioteket i Noreg har vore forsøkt mange gonger.
Men strid om eigedomsrett og spørsmål om kor vidt Danmark har stole gjenstandane har gjort at tidlegare forhandlingar har stranda.
Den diplomatiske nøkkelen var difor å etablere utlånsavtaler.
– I staden for å seie at dette er vårt, har vi sagt at dette er relevant for sjølvoppfatninga vår og at vi ønskjer å nytte dei til formidling. Det har dei vist forståing for, seier Sira Myhre.
FØRSTE BOKSTAV: Thorn – første bokstav i Gulatingslova
Foto: Leif Rune Løland / NRK– Det er fint at vi slepp å reise til København, seier Erling T. Eggen i Rettshistorisk forening.
Han legg til:
– Det store bilete er at det vert lagt større vekt på tilbakeføring av kulturgjenstandar til opphavslandet. Sidan det er 207 år sidan vi vart styrt av Danmark, så ville det jo vere naturleg å oppbevare dokumenta her.
Stian Davies er leiar i hovudutval for kultur i Vestland fylkeskommune.
– Eg er glad for at Danmark låner oss dokumenta, men dei er norske. Ikkje danske, seier han.
Han legg til:
– Langtidslån er fint, men vegen vidare må vere at den nye regjeringa forhandlar med danskane om å få dokumentet tilbake i norsk eige.
Førebels vil manuskripta vere i Noreg gjennom femårige utlånsavtaler.
– Vi er glade for å sjå at dokumenta kjem til Noreg, seier riksarkivar Inga Bolstad i Arkivverket.
Arkivverket tar vare på Noregs største samling av mellomalderdokument, og har som ambisjon at samlinga deira skal vere tilgjengelege digitalt innan jubileet om to år.
I 2024 er det 750 år sidan Magnus Lagabøte innførte den første loven som gjaldt for hele Noreg (Landslova).
GOTISK: Codex Hardenbergianus er eit blandingshandskrift frå det 14.–16. hundreår som mellom anna inneheld kong Magnus Lagabøtes landslov.
– Manuskripta gjer oss audmjuke
Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie ved Institutt for offentleg rett. Han har òg ei stilling som forskar på Nasjonalbiblioteket der han arbeider med Landslovsprosjektet.
– Å vise fram slike mellomaldermanuskript vekker interesse for historieformidling i breie lag av folket – frå gymnaselevar til pensjonistar, over heile landet. Men like viktig er at desse manuskripta gjer oss audmjuke i møte med historie og den kunnskapen som tidlegare generasjonar har forvalta, seier han.
GULATINGSLOVA: Gulating var saman med Frostating, Borgarting og Eidsivating eitt av fire lagdøme på det norske fastlandet i mellomalderen.
Bjørn Are Davidsen har skrive fleire bøker om mellomalderen. Han seier Magnus Lagabøtes landslov er noko av det viktigaste som har forma oss.
– I desse dokumenta ser vi starten på alt frå universitet til utviklinga av polyfonisk musikk. Salmeboka gjer at vi også får med hjartet og blodomløpet i mellomalderen.
Dagleg leiar i Gulatinget, Anne Hopland, har jobba for å få lova tilbake på norsk jord i mange år.
– At vi endeleg har lukkast er ei fantastisk mogelegheit for å formidle det som var starten på norsk statsdanning, framveksten av rettssamfunnet og etableringa av det norske forsvaret.
Direktør på Justismuseet, Åshild Karevold, seier til NRK at dokumenta hjelper oss å forstå «den rettshistoriske vegen til det moderne Noreg».
– Desse dokumenta er viktige både som grunnlag for forsking og til formidling, seier ho.