Hopp til innhold

Gulatingslova ein del av Noreg si dokumentarv – men danskane vil ikkje gi den tilbake

Lova er den eldste kjende og bevarte samlinga i Norden. I dag fekk Gulatingslova plass i i den norske kulturarven.

Gulatingslova, her i den einaste komplette samlinga: Rantzau-boka, som er i Det Kgl. Bibliotek i København.

RANTZAU-BOKA: Den einaste komplette samlinga av Gulatingslova er denne boka på Det Kgl. Bibliotek i Danmark. Den vert kalla Rantzau-boka, etter Christian Rantzau som donerte lovboka til Det Kongelige Bibliotek i København i 1731

Foto: Erik Petersen / Det Kgl. Bibliotek

– Dette er fantastisk stas, seier dagleg leiar Anne Hopland i Gulatinget.

Ho jublar for at Gulatingslova i dag vart innlemma i den skriftlege kulturarven. Lova er datert til slutten av 1200-talet og er den eldste kjende og bevarte lovsamlinga i Norden.

Norges dokumentarv er eit register med dei viktigaste dokumenta i norsk historie, næringsliv, kulturliv og anna samfunnsverksemd.

Blant dokumenta finn vi Grunnlova, det eldste brevet i landet frå 1189 og manuskriptet til «Et dukkehjem» frå 1879, skriv Vestland fylkeskommune på sine heimesider.

– Den skulle vore inne for lenge sidan, fordi det er eitt av dei viktigaste dokumenta vi har i dette landet. Det er heilt absurd at eit den ikkje skal vere del av denne dokumentarven, seier Hopland.

Anne Hopland, dagleg leiar for Gulatinget
Foto: Privat

Bana veg for grunnlova

Ho meiner dei færraste veit kva rolle lova har hatt.

– Vi fekk ikkje vår første lovsamling i 1814 slik mange trur. Korleis ein skal oppføre seg i samfunnet vart teikna ned for 1000 år sidan i denne lova, seier ho og får støtte frå Stian Davies.

Han er leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering i Vestland fylkeskommune, og deler entusiasmen til Hopland.

Stian Davies
Foto: Kari Bernardini

– Dette er ei utruleg viktig anerkjenning, og naudsynt for å forstå historia vår. Denne lova har lagt grunnlaget for dagens samfunn og verdiar, seier han.

Men trass i at Gulating ligg i Noreg, har lova blitt oppbevart i Det Kongelege Biblioteket i København. Og får danskane viljen sin, ser det ut som den blir liggande der.

– Det har ikkje vore overveldande entusiasme når vi har spurt om å få den tilbake, ler Hopland.

Tusenårsstaden

TUSENÅRSSTADEN: Her i Gulen var Gulatinget samla.

Foto: Georg Heggelund

Reiserekningar sikra brei representasjon

På Gulatinget vart det blant anna ordna slik at dei som møtte skulle få dekka kost og losji til møta. Det sikra at det ikkje berre var rikfolk som kunne møta på tinget, sjølv om dei kom langvegs frå, fortel Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo.

– Hadde det berre vore dei rike som møtte, så hadde ikkje det vore naudsynt med ei slik ordning. Så det må ha vore viktig for dei, seier han.

– Me veit at fleire av dei som møtte på Eidsvoll leste Gulatingslova. Christian Magnus Falsen har sagt at det dei gjorde på Eidsvoll var å setta Gulatingslova i verk på ny, seier Sunde.

Gulatingslova. Her er den einaste komplette samlinga: Rantzau-boka, som ligg i København.

RANTZAU-BOKA: Den einaste komplette samlinga av Gulatingslova er på Det Kgl. Bibliotek i Danmark.

Foto: Erik Petersen / Det Kgl. Bibliotek

Støttebrev frå Danmark

Noregs dokumentarv er den norske delen av Unesco si Memory of the World-register (MoW). Registeret vart oppretta i 1992, med mål om å løfte fram og redda kulturarven.

Eit støttebrev frå Det Kongelige Biblioteket i København måtte til før lova fekk plass på lista over ærverdige dokument.

– Brevet frå Danmark har hatt alt og seie for at vi lukkast med dette, seier Hopland.

No meiner både Hopland og Davies at det bli lagt inn ein målretta innsats for å få lova heim.

– Vi er takknemlege for at danskane har tatt godt vare på den i alle desse åra, men no er vi klare for å få den heim, seier dei, og held fram:

– Men enn så lenge er det veldig gledeleg at vi har tilgang på lova medan den ligg i København, seier han.

Å bli ein del av det den norske dokumentarven er første steg på vegen mot å få plass i Unesco sitt register.

– No er lova inne i Noreg, og neste år vil i nominere den til Memory of the World-registeret. Heldigvis bryr ikkje dei seg så mykje om kvar ting er plassert, seier Hopland.