Hopp til innhold

Nordmenn investerer i solcelleanlegg som aldri før

I fjor var det ei dobling kraft frå solceller i Noreg. Talet på privatpersonar som investerer i solcelleanlegg har eksplodert.

Solceller Sogndal

SATSA: På Sogndal Hotell har dei same straumforbruk som før utvidinga – takka vere solcellepanel.

Foto: Sander Eide Aase / NRK

Ein av dei som har satsa på solkraft er direktør Jørgen Christian Lindstrøm ved Sogndal Hotell i Sogndal.

Då dei utvida hotellet med 7000 kvadratmeter valde dei også satse på solceller.

– For å seie slik så har vi i dag same straumforbruk som før utvidinga, seier Lindstrøm.

Det kan han takke 1000 kvadratmeter med solcellepanel på taket for.

Med straumprisane som er i dag vil han ha tent inn investeringa på 2,5 millionar kroner i løpet av tre år.

– Helst vil eg jo at straumprisane skal vere så låge som mogleg. Det sparar eg mest på.

Mange satsar på solceller

Og det er fleire som gjer som hotelleigaren frå Sogn.

Det har også vore eksplosiv vekst i tal på privatpersonar som installerer solcelleanlegg.

For ein bustad med 20 000 kWh i årleg straumforbruk, kan eit solcelleanlegg på taket produsere nok straum til å dekke ein fjerdedel av straumrekninga.

Solceller fremside før

Tal på privatpersonar som har fått støtte til å installere solcelleanlegg har mangedobla seg det siste året. I Sogndal har det på eit år gått frå 4 til 25 installerte solcelleanlegg blant privatpersonar.

Enova gav i fjor støtte til over 5200 private solcelleanlegg, ei markant auke frå 1468 året før.

– Vi har sett ei enorm auke i investeringar og interesse frå privatpersonar som installerer solcelleanlegg, seier marknadssjef Anna Barnwell.

Tal frå Elhub viser at det ved utgangen av fjoråret knytt produksjon av 299 MW solkraft til straumnettet i Noreg. Det tilsvaret om lag ein promille av den norske kraftproduksjonen.

Rekordåret 2022

I løpet av fjoråret vart det knytt 149 MW ny til solkraft til nettet, noko som er ei dobling av den totale installerte effekten av solkraft i løpet av året.

– Dette er ein rekord i nye nettilknytte panel, med nesten 7600 anlegg berre i fjor. I løpet av 2022 vart den totale installerte effekten dobla, og det vart installert like mange anlegg som 2019, 2020 og 2021 til saman, seier Mikal-André Tvedt som er seksjonssjef for solkraft i NVE.

Reduserte investeringskostnadar og auka inntening på straumen har gjort det meir lønnsamt å investere i solcelleanlegg.

Det har vore stort fokus på straumprisar sidan hausten 2021, og det har nok ført til at mange har leita etter måtar å redusere straumrekninga si på, både private og bedrifter, seier Tvedt.

Solceller Sogndal hotell

I 2020 gav det ikkje meining å installere solcelleanlegg, men med dagens straumprisar har det blitt mykje meir lønnsamt å satse på solkraft.

Foto: Sander Eide Aase / NRK

2022 var det første året der det vart investert like mykje i overgangen til grøn energi som i fossile brennstoff. Det går fram frå ein oversikt frå Bloomberg NEF.

Frå 2021 til 2022 auka investeringane i grøn energi med rundt 2500 milliardar kroner.

Les også Norsk solindustri mot stupet utan meir statleg støtte

Norsun i Årdal