Noreg har mista over 1000 arbeidsplassar i solkraftindustrien dei siste åra. Kroneksempelet er REC Solar som på det meste hadde 1.300 tilsette. No er berre eit par hundre igjen på fabrikkane på Herøya og i Kristiansand, og dei fleste av desse er permitterte.
PERMITTERINGAR: Høge straumprisar gjer at dei tilsette ved REC Solar i Kristiansand er permitterte.
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK LuftfotoI Årdal i Sogn viser fabrikksjef Arnt Erik Henjum stolt fram det moderne utstyret dei brukar i produksjonen av høgeffektivt utstyr til solcellepanel.
Sidan oppstarten i 2008 har det vore fleire alvorlege nedturar med permitteringar og refinansiering, men dei 180 tilsette har heile tida hatt trua.
Billeg konsesjonskraft, kombinert med unik solkompetanse bygd på gammal smelteverkshistorie, har gjort at fabrikken har greidd seg i konkurransen.
Konsesjonskrafta som Norsun nyttar i dag har låg pris, men til den planlagde utvidinga til 4 milliardar kroner må bedrifta handle kostbar straum på den opne marknaden. Det gjer at utvidinga kan bli skrinlagt.
PRODUKSJON: Dei tilsette ved Norsun i Årdal har opplevd både oppturar og permitteringar. No set dei sin lit til at regjeringa vil leggje til rette for at produksjonen kan utvidast.
Foto: Norsun / NorsunLite å hente frå finansministeren
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) besøkte fabrikken sist veke, men hadde ikkje med seg friske pengar i sekken. Hovudpoenget hans var at Norsun må inngå langsiktige straumavtalar med kraftselskapa.
– Vi har endra skattereglane, slik at denne type bedrifter som Norsun kan inngå langsiktige kraftavtalar. Målet og håpet er at straumprisen blir låg, sa Vedum.
– Skuffande at ikkje ministeren har meir å gje, var svaret frå fabrikksjef Henjum.
Heller ikkje Årdal-ordførar Hilmar Høl var fornøgd.
– Eg tvilar veldig på at fastprisavtalar vil gje billig nok kraft. Vi må ikkje stelle oss slik at Noreg blir ståande igjen på perrongen i det grøne skiftet, åtvara Ap-ordføraren.
Den planlagde utvidinga vil seksdoble produksjonen ved fabrikken i Årdal, men utan betre tiltak frå regjeringa vil den truleg ikkje bli noko av.
Dagleg leiar Arnt Erik Henjum i Norsun gav klar beskjed til finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) at han var skuffa over regjeringa sine tiltak overfor solkraftindustrien.
Foto: Bård Siem / NRKMeiner Vesten har sove i timen
Ifølgje det internasjonale energibyrået IEA har Kina om lag 90 prosent herredømme over den industrielle verdikjeda for solenergi, men EU vil hente den tilbake til Europa.
EUs energikommissær Kadri Simpson uttalte i mars i fjor at Europakommisjonen er villig til å gjere det som skal til for å nå dette målet. Også USA har forstått alvoret. Den ferske Inflation Reduction Act inneheld sjenerøse støttemekanismar for å stimulere solcelleindustrien.
KINA: Rapporten frå det internasjonale energibyrået IEA viser at Kina har hand om mesteparten av den industrielle verdikjeda for solenergi
Foto: IEAs spesialrapport Solar PV Global Supply Chains / IEAFornybaranalytikar Thomas Dowling Næss i Sparebank 1 Markets meiner vestlege konkurrentar har sove i timen overfor Kina.
– Kina har satsa tungt innanfor heile den grøne verdikjeda. God tilgang på råmateriale og billeg energi, areal og arbeidskraft har vore viktig. I tillegg har Kina vore villig til å tape pengar over lang tid for å sikre seg hegemoniet i marknaden, seier han.
– Har solindustrien i Noreg og til dømes Årdal ein sjanse til å greie seg i konkurransen eller der det ein tapt kamp?
– Eg trur ikkje det er ein tapt kamp, men skal ein klare å ta opp kampen må støtteordningane vere gode.
All grøn satsing krev råmateriale og Vesten og Noreg må satse meir på dette, meiner analytikaren.
– Både her i Noreg, Europa og USA, seier han.
– Står i fare for å bukke under
Forskingsleiar for solenergi i SINTEF, Gaute Stokkan, meiner Noreg må skjerpe for å unngå at det norske soleventyret havarerer.
– No har USA og Europa bestemt seg for å bygge opp igjen solindustrien sin, og problemet er at den norske står i fare for å bukke under, seier han.
I ein kronikk etterlyser han både stimuleringspakker og billegare straum til den norske solindustrien.
EFFEKTIV: Her ser vi ein høgeffektiv wafer som Norsun i Årdal produserer til solcelleindustrien.
Foto: Norsun / Norsun– Det hastar for Noreg å få ein eigen solenergistrategi, der vi blir påkopla EU sin industripolitikk, seier Maja Busch Sevaldsen i bransjeorganisasjonen Solenergiklyngen.
Dagleg leder i Eyde-klynga, Helene Falch Fladmark, skriv i eit lesarinnlegg i Fædrelandsvennen at ho har ei «nagande kjensle» av at regjeringa «ikkje heilt forstår kva energikrise Europa er inne i», og korleis Noreg kan hjelpe.
Har tidlegare motteke mykje støtte
Næringsdepartementet skriv i ein e-post at Norsun ved fleire høve har fått offentleg støtte.
Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) skriv at dei ynskjer solindustri, og at staten allereie har bidrege betydeleg med tilskot, lån og eigenkapital.
Det statleg eigde investeringsselskapet Nysnø Klimainvesteringer AS er i dag største eigaren i Norsun og har totalt investert 156 millionar kroner i selskapet. I tillegg har det statlege vekstselskapet Siva vore med på finansieringssida og har ettergitt 100 millionar kroner gjeld.
Norsun har også mottatt til saman 67 millionar kroner i tilskot og 110 millionar kroner i lån frå Innovasjon Noreg.
Vestre forstår at straumprisane set selskap som Norsun og REC Solar i ein vanskeleg situasjon.
– Vi jobbar knallhardt med å få i gang meir energiproduksjon i Noreg som kan dempe prisane, og vi ser at fastprismarknaden no byrjar å ta form med langsiktige avtaler til under 70 øre, skriv Vestre i ein e-post til NRK.
Han meiner inflasjonen er byrja å kome under kontroll, og fleire ekspertar peikar på at vi nærmar oss rentetoppen.
– Det er i så fall veldig godt nytt for folk og bedrifter i Noreg, ikkje minst for eksportindustrien som er oppteken av gunstig kronekurs. Med dette bakteppet kan vi ikkje auke oljepengebruken no. Det vil berre gjere vondt verre, skriv han.