Nordmenn et pølser som aldri før

Aldri før har nordmenn ete så mykje pølser. Men heile 10 kilo i snitt i året kan gjere oss sjuke, meiner ekspertane.

Pølser på Narvesen på Nordfjordeid

POPULÆRT SOM ALDRI FØR: Det finst pølser i alle fasongar og smakar, og nordmenn et pølser som aldri før.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Dette er tal som er veldig urovekkjande. Som sikkert dei aller fleste har på følelsen, så er ikkje pølser spesielt sunt, seier forskar Liv Elin Torheim som er nestleiar i Nasjonalt råd for ernæring.

Det stoppar likevel ikkje pølsesvoltne nordmenn, heller ikkje på den lokale Narvesen-kiosken på Nordfjordeid.

– Vi har ei auke til no i år på 34 prosent, fortel innehavar Gunn Sørgulen.

Salet har auka med 25 prosent på ti år

Berre i år har salet av pølser gått opp med 10 prosent viser tal frå Nortura. Det betyr at kvar nordmann et 10 kilo pølser i løpet av året. Medan ekspertane på si side fryktar all pølseetinga skal øydelegge helsa vår, håpar dei som sel pølser at vi skal ete endå meir.

På Narvesen-kiosken i Eid er det mange alternativ å velje mellom.

– Vi har grillpølse, løkpølse, ostepølse med bacon og hamburgergrill.

– Dess finare vêr det er, dess meir pølse sel vi, seier Sørgulen.

På enkelte dagar kan det gå over 100 pølser frå grillen, berre i denne vesle kiosken. Ikkje overraskande aukar salet av pølser, og på dei siste ti åra har salsauken for pølser frå Nortura vore på 25 prosent.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gunn Sørgulen (t.v) er innehavar ved Narvesen i Eid, Ann Kristin Hjelmeland er blant dei tilsette
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Pølse til lunsj, middag, kvelds og i farta

Ifølgje slakterigiganten betyr det ganske mange kilo per nordmann, fortel visekonsernsjef Arne Kristian Kolberg.

– Ti kilo per nordmann utgjer omtrent ei pølse kvar tredje dag. Vi ser at det blir fleire anledningar der vi et pølse, både til lunsj, middag, til kveldskos og i farta, seier Kolberg til NRK.no.

– Aukar risikoen for kreft

Liv Elin Torheim

UROA: Liv Elin Torheim i Nasjonalt råd for ernæring meiner folk kan bli sjuke om dei et for mykje pølser.

Foto: Eva Susanne Drugg / Telemark fylkeskommune

Men slike mengder med pølser gjer ekspertane svært uroa. Nestleiar i Nasjonalt råd for ernæring og forskar i FAFO, Liv Elin Torheim, meiner vi kan ete oss sjuke.

– Bearbeida kjøt aukar risikoen for kreft i tarmen, ei kreftform som er vanleg i Norge og som råkar stadig fleire.

– I tillegg inneheld pølser mykje salt, som ikkje er bra. Pølser har også mykje metta feitt. Det kan vere greitt med pølser ein gang i blant, men det må ikkje bli den vanlege middagen, åtvarar Torheim.

– Ufortent dårleg rykte

Kjøtbransjen på si side trur nordmenn si interesse for pølser berre vil vekse, verdien av salet ligg no i fylgje Nortura på nesten tre milliardar kroner i året.

– Vi ventar ei framleis positivt utvikling. Det har samanheng med at vi kjem med stadig nye typar pølser, seier Kolberg.

Han meiner pølsene har fått eit ufortent dårleg rykte.

– På kvalitetspølser er det ein betydeleg høg prosent kjøt og gode råvarer. Klarer vi å ha fokus på det framover så trur eg vi kjem til å sjå ein framleis veks i pølsesalet.

– Dei rår folk til å ikkje ete pølser i det heile teke

Den målsetjinga er ikkje populær hos Nasjonalt råd for ernæring.

– Det er synd at kjøttprodusentar og fastfoodprodusentar har det som mål at folk skal ete mest mogleg pølser når vi veit at det ikkje er spesielt sunt, seier Torheim og legg til:

– Verdas kreftorganisasjon rår folk å ikkje ete pølser i heile teke, medan vi har sagt at folk bør avgrense inntaket. Når pølseinntaket no aukar er det stikk i strid med våre råd.

Tilbake på Narvesen på Nordfjordeid er pølser blitt viktige for omsetninga, Gunn Sørgulen har prøvd å selje sunnare alternativ, men det viser seg å selje dårleg.

– Det viser seg at det er pølser folk vil ha.