Hopp til innhold

Nordic Mining vann ankesak om gruvedrift i Sunnfjord

Nordic Rutile har vunne ei ankesak om kven som får drive gruvedrift ved Førdefjorden, ifølge ei børsmelding frå eigaren Nordic Mining. Motparten Arctic Mineral Resources planlegg underjordisk gruve utan deponi, medan Nordic Mining vil sprenge toppen av Engebøfjellet og bruke eit omstridd fjorddeponi.