Hopp til innhold

Nordic Mining sikra seg milliardkontrakt

Nordic Mining har selt opp til 100 prosent av granatproduksjonen for dei første fem driftsåra frå Engebøprosjektet. Det melder selskapet på heimesidene sine. Adm.dir. Ivar Fossum seier til NRK at kontrakten er verd fleire milliardar. Frå før er heile produksjonen av rutil for dei fem første åra selde. – Vi er med andre ord utselde for mineral denne perioden, noko som reduserer risikoen i prosjektet betydeleg, skriv selskapet sjølve. I fjor haust kom det fram at selskapet mangla 600 millionar til gruvedrifta i Engebøfjellet i Sunnfjord kommune.

Anleggsvegen opp til Engebøfjellet
Foto: Oddgeir Sæle / NRK