Det opplyser advokaten til 37-åringen, Anders Folkman. Han meiner nordfjordingen har fått for streng straff.
Aktor meinte tre år og seks månaders fengsel var ei passande straff for tiltalte, men Nordfjord tingrett la på seks månader til og dermed må 37-åringen no sone fire år i fengsel.
Kripos var med i etterforskinga i juli i fjor. (Foto: I. Skavøypoll, NRK)
Retten meiner det er skjerpande at tiltalte gjekk laus på kvinna utan at ho var i stand til å forsvare seg og at han skada henne på det grovaste. Mannen er også dømd til å betale 10.000 kroner i oppreising til foreldra til sambuaren.
På veg heim frå fest
Den stygge valdsepisoden skjedde etter at paret gjekk av bussen på Bryggja etter ein fest på Nordfjoreid. Begge var rusa, og då dei starta ein krangel, slo og sparka 37-åringen sambuaren fleire gongar i hovudet og kroppen slik at ho vart påført store hovudskader.
Forsvarar Anders Folkman vurderer saman med klienten å anke saka. (Foto: NRK)
Døydde av skadene
Etter at kvinna segna om, bar 37-åringen henne fleire hundre meter innover ein gammal kjerreveg. Der vart den 31 år gamle kvinna liggande medvitslaus utandørs i fleire timar. Då ambulansepersonell kom til staden, vart ho send med helikopter til Haukeland Universitetssjukehus. Kvinna døydde av skadene same dag.