Den stygge valdsepisoden skjedde etter at paret gjekk av bussen på Bryggja etter ein fest på Nordfjordeid. Då dei starta å krangle slo og sparka 37-åringen sambuaren fleire gongar i hovudet og på kroppen slik at ho vart påført store skadar.
Døydde av skadane
Etter at kvinna segna om, bar 37-åringen henne fleire hundre meter innover ein gammal kjerreveg. Der vart den 31 år gamle kvinna liggande bevisstlaus utandørs i fleire timar. Då tiltalte på morgonkvisten kom tilbake, registrerte han at pusten hennar var urytmisk og han ringde til lege. Då ambulansepersonell kom til staden, vart ho send med helikopter til Haukeland sjukehus. Kvinna døydde av skadane same dagen.
Oppreising
Aktor la ned påstand om tre år og seks månaders fengsel for tiltalte, men Nordfjord tingrett la på seks månader til og dermed må han no sone fire år i fengsel. Mannen må også betale 10.000 kroner i oppreising til kvinna sine foreldre.