Nordfjord Havn IKS stengde Nordfjord Service Terminal as ute frå cruisekaia i Olden. Sistnemnde selskap yter service til cruiseskipa som kjem til Olden. Nordfjord Service Terminal nekta å godta dette, og gjekk til retten.
No har Fjordane tingrett gitt Nordfjord Service Terminal AS og eigaren John Olav Lefdal, via ein mellombels rettsordre, tilgang til kaien att.
Drive i 25 år
– Far min bygde kaien for 25 år sidan og vi har drifta den sidan. Vi har prøvd å få ein dialog med Nordfjord Havn Iks om kvifor vi skal stengast ute. Vi mistenker at dei ynskjer inntektene sjølv. Men vi tykkjer det er merkeleg at eit offentleg selskap skal jobbe mot det private næringslivet.
– Vi godtar at dei konkurrerer mot oss, men ikkje at dei utestenger oss, seier eigar og konsernsjef i Lefdal invest, John Olav Lefdal.
Retten seier Nordfjord Havn Iks må sleppe Nordfjord Service Terminal as til att på kaia og levere tilbake nøklar og kodar.
Og at dei må tole at European Cruise Service as nyttar Nordfjord Service Terminal as som leverandør av tenester til cruiseskipa som kjem til Olden.
Forundra
Hamnedirektør Kjell Fagna i Nordfjord Havn Iks er forundra over vedtaket i Fjordane tingrett.
– Vi er ikkje blitt høyrt og alt er basert på den eine parten sin argumentasjon, seier hamnedirektøren.
For nokre år sidan kjøpte Nordfjord Havn Iks cruisekaia i Olden. Sidan 2015 har Nordfjord Havn investert over 20 millionar kroner i infrastruktur, og har planar om det dobbelte dei neste åra.
– Då seier det seg sjølv at vi har bruk for dei inntektene som cruisekaien kan gje for å kunne forsvare investeringane. Difor varsla vi Nordfjord Service Terminal at vi ville yte service til cruiseskipa sjølv.
– Vi meiner at vi som har kjøpt eigedomen og utvikla den vidare, må ha full rett til forvalte kva som skal føregå der, seier Fagna.
Vil gå vidare
Fagna seier dei har bedt om eit rettsmøte med Fjordane tingrett med mål om å få omgjort vedtaket i retten.
Retten har også dømt Nordfjord Havn Iks til å betale nesten 150 000 kroner i sakskostnader.