– Vingen er stadig meir populært, og det er stadig fleire som vil ut og besøkje Vingen-området med alle helleristingane, seier rådgjevar i Bremanger kommune, Ann Irene Gulestøl.
Dei over 2.000 ristingane vart i fjor studert av 318 vitjande, inkludert dronning Sonja. Men eit besøk krev god planlegging. I dag er det berre éi båtrute, éin gong i veka som går innom Vingen-feltet.
Opphaldet på éin time er altfor lite, seier dei besøkjande.
- Les også:
Håpar private aktørar kan kaste seg på
No håpar kommunen at private aktørar kan tenkje seg å drive båttransport til Vingen, og la dette inngå i ein større opplevingspakke.
– Vi håpar å få til eit prosjekt der vi dekkjer opp fleire aktivitetar og attraksjonar i kommunen, og kan få større grupper inn til Vingen, seier Gulestøl.
Besøkstalet i fjor inkluderer skuleklassar frå Bremanger, men er uansett ein sterk auke frå dei 45 som såg helleristningane i 2011.
– Det har slått meg lenge at Vingen lenge har vore meir kjent blant utanlandske forskarar enn blant den norske befolkninga, seier forskar Trond Lødøen ved Universitetet i Bergen.
- Les også:
Må tenkje stort
Han har skrive bok om Vingen-feltet og gler seg over fleire besøkjande til staden. Lødøen ber kommunen ta i når dei vil gjere området meir tilgjengeleg.
– Det er lurt å tenkje stort, og at dei får på plass eit apparat som klarar å handtere fleire og fleire besøkjande, seier Lødøen.
Ein må ha guide for å vitje i Vingen i dag. Uansett kva kommunen legg opp til, meiner Lødøen at informasjon bør vere vesentleg.
– Vi oppdagar nye figurar og vi gjer andre naturvitskaplege analysar som gjer at vi får mykje meir kunnskap om kva som har skjedd på staden i forhistorisk tid. Då er det viktig at den kunnskapen vert forvalta og at den vert fortalt vidare, seier Lødøen.