Hopp til innhold

No vert det sol og pudderføre - men skredfaren er stor

Etterlengta sol kan lokke folk ut på søndag, men stor skredfare lurer i fjella. Røde Kors åtvarar mot å ta store sjansar.

Bø i Vesterålen

STRLÅLANDE SOL: Bø i Vesterålen har allereie fått ein smakebit på solsteiken.

Foto: Robin Olaisen

Etter ei veke med mykje vind og nedbør, både i form av regn og snø, er det meldt om sol og skyfri himmel.

Likevel må dei som finn fram eingongsgrill og småsko smørje seg med tolmod. Temperaturane held seg relativt låge.

Statsmeteorolog Anne-Mette Olsen seier det framleis kan verte låge temperaturar sjølv om sola tittar fram.

Anne-Mette Olsen

IKKJE VÅR ENDÅ: Statsmeteorolog Anne-Mette Olsen seier at sjølv om det vert fint, vert det ikkje varmt.

Foto: privat

– Det blir kanskje minusgrader om nettene, men på dagen tar sola så godt tak at det vert plussgrader, seier Olsen.

Høgtrykket gjeld for store delar av landet. Berre delar av Nord-Noreg må ta til takke med litt byer og nedbør.

Ut i veka kjem skyene og byene tilbake, men det er venta at temperaturen skal gå opp mot inngangen til neste helg.

Stor snøskredfare

Det har snødd ein del i fjella dei siste dagane, og temperaturen gjer at den vert liggjande ei stund.

Somme plassar er det meldt om snøskredfare på nivå fire, altså stor fare.

Leiar i landsråd hjelpekorps i Røde Kors, Kjersti Løvik, håpar at folk held seg oppdatert på skredvarsel og vel trasear i fjellet med omhug.

– Me forventar at folk held seg unna skredfareterreng i morgon, seier Løvik.

Kjersti Løvik, landsrådsleder Røde Kors Hjelpekorps

SKREDFARE NIVÅ FIRE: Kjersti Løvik minner om at snøskredfaren er svært stor i fjella for tida.

Foto: Privat

Det er òg store mengder puddersnø i fjella, og Løvik åtvarar mot å risikere liv og helse for å få litt adrenalin.

– Det er ei risikovurdering som må gjerast. Og den må innehalde «er det så moro at eg er villig til å ikkje gjere det igjen», seier Løvik.

Landsrådsleiaren råder om å ta trygge vegval, gå utanom skredfarleg terreng, ikkje gå åleine, ha med spade, søkestong og skredsøkar, og å følge ryggen der ein går.

Kan gå mange naturleg utløyste skred

Heidi Bakke Stranden, vaktleiar i snøskredvarslinga, seier at årsaka til den store snøskredfaren er at det har vore snø og mykje vind. Dette fører til at det kan gå mange naturlege utløyste snøskred.

Stranden oppfordrar alle som planlegg å spenne skia fast på morgondagen å lese seg nøye opp på skredvarslinga for sitt område dagen før dei skal ut.

Puddersnø i Myrkdalen

SKREDFARE PLUSS PUDDERFØRE: Moro, farleg moro, eller berre farleg?

Foto: Myrkdalen Fjellandsby AS

– På varsom.no ser ein snøskredvarslar tre dagar fram i tid. Desse varslane vert oppdaterte klokka 16 kvar dag, seier Stranden.

Vaktleiaren minner om at snøskredfaren kan gå litt ned i løpet av søndagen, men minner om at ein likevel ikkje skal ta det heilt med ro i fjellheimen.

– Det er framleis mykje ustabil snø, og det gjer at det framleis kan gå naturleg utløyste skred, forklarar Stranden.

Tidlegare i dag gjekk det eit stort snøskred i Myrkdalen på Voss.