Hopp til innhold

No startar pollensesongen – Emma må velje mellom å vere trøytt eller tett

Over ein million nordmenn hentar ut reseptbelagde allergimedisinar kvart år. For Emma Medina Welle blir sesongen uansett ei plage.

Emma Medina Welle og sønn

ALLERGISK: Kløe i auga, tett nase og sår hals er typiske pollenplager Emma Medina Welle opplever. Å leike i graset med sonen, er ikkje det beste.

Foto: Privat

– Eg klør i auga og er tett i nasa og sår i halsen, fortel Emma Medina Welle.

Ho har allereie byrja å kjenne årets pollensesong på kroppen.

– Eg tek nokre tablettar no som eg blir veldig trøtt av, så det er anten å gå rundt å vere trøtt heile dagen eller å vere tett, fortel ho.

Ho er i selskap med fleire. Dei siste ti åra har det vorte fleire og fleire med pollenallergi.

– Allergiske har ei lang tid i vente

– No er det over ein million nordmenn som hentar ut reseptbelagde allergimedisinar kvart år, seier Anna Bistrup, seniorrådgjevar i Norges Astma- og Allergiforbund (NAAF).

Allereie no startar dei si daglege nasjonale pollenvarsling. Sesongen er nemleg like rundt hjørnet.

– Dei som er allergiske har ei lang tid i vente, seier Bistrup.

Bie som samler pollen

MANGE HAR POLLENALLERGI: Over ein million nordmenn hentar ut reseptbelagde allergimedisingar kvart år, ifølgje Norges Astma- og Allgergiforbund.

Foto: Berit Sannerud

Ho legg til at modninga – «særleg i Vestland og Møre og Romsdal» – har kome så langt at pollenspreiinga vil starte i løpet av «svært kort tid».

Det er normalt at pollensesongen startar i vest og deretter spreier seg til Sørlandet og Midt-Norge. Or og hassel er dei artane som er fyrst ute. Mange andre stader i landet vil pollenvarslinga vere blank ei stund til, då sesongen ikkje har starta for desse områda.

– Ta allergimedisin kvar dag

– Pollenallergi er ein folkesjukdom og det er uhorvelege mengder med folk som plagast med det frå mars og ut august, seier overlege Einar Solheim ved øyre-, nase- halsavdelinga på Førde sentralsjukehus.

Teoriane om kvifor fleire får pollen er mange. Om du har nære familiemedlemmar med allergi, er sjansen større for at også du får det.

I tillegg finst det ein teori om at vi i dag blir utsette for færre bakteriar enn tidlegare og at dette kan ha samanheng med utvikling av allergi.

– Det viktigaste for å unngå symptom er å unngå det du er allergisk mot, seier Solheim.

Han legg til:

– Mitt beste råd er å ta allergimedisin kvar dag i den sesongen du er allergisk, og ikkje jukse,

Solheim understrekar også at ein må teste seg for covid-19 dersom ein ikkje veit om ein er allergisk, men likevel har liknande symptom.

Einar Solheim

TA MEDISIN KVAR DAG: Overlege Einar Solheim ved Førde sentralsjukehus rår allergikarar til å ta medisinen sin kvar dag i pollensesongen.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim

– Heilt gale av å leike i graset

Emma Medina Welle slit med å behandle plagene ho har på grunn av allergi.

– Der er ein del tablettar eg kan ta, men eg har fått biverknad frå alle.

For å bli minst mogleg plaga kan ho ikkje sove med ope vindauge, ho må dusje kvar kveld før ho legg seg og kan ikkje henge opp klesvasken ute.

I tillegg må ho halde seg mest mogeleg innandørs.

– Det verste er å ha ungar og ikkje kunne vere ute og leike med dei i graset og gå i skogen, då blir det heilt gale, seier ho.