Hopp til innhold

Regjeringa legg stein til byrd

– Krisestart for den nye kommunen, seier påtroppande ordførar i Kinn. Han meiner regjeringa slår beina under sitt eige prestisjeprosjekt.

Ola Teigen

ÅTVARAR: Ola Teigen åtvarar andre kommunar mot å la seg lokke av regjeringas insentivordningar.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

– For nye Kinn kommune er dette svært alvorleg, seier Ola Teigen, påtroppande ordførar i nye Kinn kommune. Han vil no «åtvare andre kommunar» mot å la seg lokke av regjeringas insentivordningar for samanslåing.

Heilt konkret viser han til at kommunen ikkje lenger vil ta imot distriktstilskot Sør-Noreg, som Vågsøy har fått til og med 2019. Og at basisramma for skjønnsmiddel til kommunane er redusert med 50 millionar kroner samanlikna med 2019 i statsbudsjettet for 2020.

– Dessutan får vi inga kompensasjon for Bryggja, seier Teigen.

Samtidig med samanslåinga av Flora og Vågsøy kommunar til Nye Kinn kommune skjer dei ei grensejustering mellom dagens Vågsøy kommune og nye Stad kommune, der Bryggja skifter «hender».

– Berre det gjer at vi taper 31 millionar, seier Teigen, som hadde venta «kompensasjon for reelle påførte tap. Og at regjeringa følger opp samanslåtte kommunar og dei lovde gulrøtene.»

– Knytt til andre forhold

– At den anslåtte veksten i frie inntekter i Kinn kommune er noko lågare enn landsgjennomsnittet er knytt til andre forhold enn samanslåinga, svarer statssekretær Lars Jacob Hiim i Kommunaldepartementet.

– Ei av årsakene er at kommunen fekk tilført midlar på grunn av samanslåinga allereie frå 2017, noko som gjer at kommunen har hatt eit høgare inntektsnivå i åra frå 2017 til 2019 enn dei ville hatt utan ei samanslåing.

Han viser til at kommunane Flora og Vågsøy har mottatt om lag 63 mill. kroner gjennom desse ordningane i perioden 2017 til 2019, og at «dette er midlar kommunane ikkje ville fått utan ei samanslåing.»

– Ekstra vanskeleg

Denne veka var fyrste gong at dei nye storkommunane i Sogn og Fjordane – Sunnfjord, Kinn, Stad og Sogndal – var gjenstand for eit statsbudsjett.

På Statens hus i Leikanger var fleire av toppolitikarane i fylket samla. Blant dei påtroppande kommunedirektør i Sunnfjord kommune, Ole Johan Østenstad.

Han var spent på om dei nye storkommunane ville kompenserast for bortfall av utjamnande tilskot. Det vart dei ikkje, måtte han konstatere.

– For oss er 8,4 millionar ein stor sum. Det svarar til 10–12 årsverk og gjer budsjettprosessen ekstra vanskeleg.

– Ville kommunane fått større inntekter om dei sto aleine?

– Ja, dei ville fått meir av dei tilskota for inntektsutjamning, som er ein kompensasjon for lave skatteinntekter.

No varslar han kutt, men presiserer at samanslåinga også byr på «store gevinstar, både kvalitativt og økonomisk».

– Men eg trur det undervurderast kor komplisert det er – i vårt tilfelle – å slå saman fire kommunar, og at det her vil ta tid.

Ole John Østenstad

UNDERVURDERAST: Eg trur det undervurderast kor komplisert det er å slå saman kommunar, seier Ole Johan Østenstad.

Foto: Oddbjørn Myklebust Opsal / NRK

– Ein stor jobb iallfall

Heller ikkje Arnstein Menes, påtroppande ordførar i nye Sogndal, der Balestrand og Leikanger har gått inn, er nøgd med signala i budsjettet:

– Samanslåing løner seg ikkje, seier han, og viser til at regionsentertilskotet er det same som før, sjølv om nye Sogndal har fleire innbyggarar.

Varaordførar Vibeke Johnsen (SV) seier det same, og viser til at nye Sogndal kjem ut med ein vekst på 2,0 prosent, mot eit lands- og fylkessnitt på 2,2 prosent:

– Overføringane til kommunane ikkje i nærleiken av prisstiginga, seier ho.

– Betyr det at de må kutte i tenestetilbodet?

– Eg har ikkje lyst til å seie kutt, men det betyr at vi har ein stor jobb iallfall.