Hopp til innhold

No må ransmannen møte i retten

Mannen i 60-åra har hatt ei svært vanskeleg tid etter det mislukka ransforsøket i Bygstad. Onsdag må han svare for ugjerninga når saka startar i Fjordane tingrett.

Bygstad

RANSFORSØK: Ein mann i 60-åra er sett under tiltale etter at han i september i år prøvde å rane Spar-butikken i Bygstad.

Foto: Johan Moen / NRK

Ransforsøket var langt frå vellukka då mannen etter kort tid vart overmanna og fråteken hagla .

Onsdag må mannen i 60-åra møte i Fjordane tingrett og svare for ugjerninga. Forsvarar Stig Nybø seier mannen har hatt ei vanskeleg tid etter ransforsøket.

– Min klients subjektive haldning er at det er feil med tiltale. Han forstår ikkje kvifor han har gjort dette og har det vondt på vegne av alle som er råka, seier forsvarar Stig Nybø.

– Be quiet and quick

Det var like før klokka 18 fredag 14. september at mannen oppsøkte Spar-butikken i Bygstad, maskert med eit putevar over ansiktet. Utrusta med både hagle og patronbelte bad han ein butikktilsett om å gje han pengane.

Samstundes leverte han også frå seg ein lapp, der det stod:

– Be quiet and quick. Give me all money and nothing will happen.

(Artikkelen held fram under videoen)

En Spar butikk i Bygstad ble forsøkt ranet med hagle.

SJÅ: Ransforsøk i Bygstad.

Vart overmanna

Betjeninga tok ikkje mannen på alvor og vitne skal ha forklart at mannen ladde hagla med ei patron. Dette er seinare avvist av forsvarar Nybø. Mannen skal også ha sikta mot fleire med våpenet.

Innehavar Olav Birkeland kom til og overmanna ransmannen.

– Vi delte på å gi han nokre velretta slag slik at vi fekk overmanna han og fått av han maska, fortalde Birkeland til NRK.no etter hendinga.

– Forstår ikkje motivet

I forsøk på å få hagla attende, vart gjerningsmannen slått fleire gonger. Mannen har sidan ransforsøket sete varetektsfengsla.

Forsvarar Nybø vil helst ikkje kommentere saka, men seier handlinga står fram som heilt uforståeleg.

– Han forstår ikkje kvifor han har gjort dette. Det er det ingen som gjer. Der er ikkje noko motiv, seier han.

Tre dagar i retten

NRK.no får stadfesta frå Sogn og Fjordane politidistrikt at tiltalen er forkynt, men politiadvokat Anette Stegegjerdet Norberg er ikkje attende på jobb, og tilgjengeleg for kommentar, før over helga.

Det er sett av tre dagar til saka som startar i Fjordane tingrett 14. november.

Både patrona og om mannen kan ansvarleggjerast for sine handlingar vil for retten bli sentrale spørsmål å ta stilling til.

– Meiner det ikkje er uforståeleg

Ivar Blikra er bistandsadvokat for dei tre kundane som var i butikken då ransforsøket hende, samt innehavar Olav Birkeland og kvinna som sat i kassa.

Han fortel at vitna til hendinga har hatt ei krevjande tid etter det som hende.

– At det blir framstilt som at handlinga er heilt uforståeleg er vanskeleg for oss å forstå. At det er atypisk for tiltalte er noko anna, men det er ikkje uforståeleg, meiner Blikra.

Han siktar til at det må ha lege ein god del førebuingar bak det som hende.

– Vi er lei av å lese at ingen forstår dette eller at tiltalte ikkje hadde motiv. Det er ei tragedie for tiltalte, men det er ikkje isolert sett ei uforståeleg handling, meiner Blikra.

Risikerer 12 års fengsel

Mannen er sett under tiltale for brot på Straffelova § 268 andre ledd jamfør § 267 andre ledd. Saka har ei strafferamme på fengsel i inntil 12 år, men erfaringsmessig vil påstanden bli lågare.

Grovt ran straffes med fengsel inntil 12 år. Ved avgjørelsen av om ranet er grovt, skal det særlig legges vekt på om det er brukt grov vold, om det er truet med skytevåpen eller annet særlig farlig redskap, om ranet er nøye planlagt, foretatt overfor forsvarsløs person eller gjelder en betydelig verdi.

Straffelova § 268, 2. ledd / lovdata.no

Påtalemakta vil krevje inndraging av bilen som mannen køyrde til butikken med, samt lagt ned påstand om at mannen blir fråteken retten til å køyre bil.

For ran straffes også den som i hensikt og ved midler som nevnt, tvinger noen til å foreta en handling som volder tap eller fare for tap for ham eller den han handler for.

Straffelovas § 267 2. ledd / lovdata.no

Det blir også lagt ned påstand om kontaktforbod og erstatning/oppreisning til dei fornærma i saka.