Hopp til innhold

Fleire utforkøyringar etter underkjølt regn

Det er såpeglatt på vegane fleire stader. I Suldal er tre personar skadde etter at ein brannbil krasja på veg til ei ulukke.

Trafikkulukke i Vammaveien ved Tangen industriområde i Østfold.

To bilar kolliderte i Vammaveien ved Tangen industriområde i Østfold søndag ettermiddag.

Foto: Freddie Larsen

Brannbilen var på veg til ei ulukke, der ei ung kvinne køyrde av vegen og ned i ei elv i Suldal. Ho klarte å koma seg ut av bilen, men har smerter i brystet.

Faren til jenta kom til staden og tek hand om dottera si i påvente av naudetatane, opplyser politiet.

Det er uklart om dei tre skadde i den andre ulukka er brannmannskapar.

Vegtrafikksentralen åtvarar mot vêrskifte og glatte vegar i store delar av landet søndag.

Bilistar blir bedne om å vere obs på at det kan vere regn som frys på bakken og istappar som knekk og ligg i vegbana.

Det kjem stadig meldingar om utforkøyringar og bilar som sklir på glatta. Mellom anna:

  • Ein bil med to vaksne og to born køyrde av vegen ved Akkerhaugen i Midt-Telemark. Eitt av borna fekk smerter i hovudet, men elles ingen skadar.
  • Ei kvinne blei køyrd til sjukehus for sjekk etter ei utforkøyring på Rytterveien i Drangedal i Telemark. Kvinna fekk vondt i nakken og ryggen etter å ha treft eit skilt.
  • To bilar kolliderte front mot front i Vammaveien ved Tangen industriområde i Østfold. Det var totalt fire personar i bilene. Ingen blei skadde.
  • To personbilar køyrde av Finnestadveien i Eidsberg i Østfold. Dei som var i bilane er uskadde.

Søndag sende NAF ut ei eiga pressemelding for å åtvare bilistane.

Underkjølt regn, kald bakke og veromslag er den perfekte stormen. Har du enno ikkje lagt om til vinterdekk er det på høg tid å gjere det no, seier rådgjevar Jan Harry Svendsen.

En mørk bil ligger på siden etter å ha kjørt av veien, det er trær og busker rundt den.

Bil køyrde av vegen ved Finnestadveien i Eidsberg.

Foto: Freddie Larsen

Fleire farevarsel

Yr skriv at vêrskiftet særleg gjer seg gjeldande i Sør-Noreg og at det er sendt ut farevarsel om is i landsdelen.

Regnet kjem før kulda slepp taket og det fører til is på vegane og andre overflater.

Farevarselet om is gjeld for delar av Møre og Romsdal, indre strøk av Vestlandet og sør for Stad og også andre delar av Sør-Noreg.

Trøndelag er også råka av isvarselet. I tillegg er det venta kraftige vindkast i Trøndelag og Nordmøre og snøfokk i fjellområda i Nordland.

Statsmeteorolog Bente Wahl seier føret endrar seg raskt.

– Ta det ekstra med ro og ver oppteken av at det kan vere store lokale forskjellar. Særleg når det gjeld underkjølt nedbør. Her kan det variere over ganske korte strekningar.

Farevarsel om is søndag 24.november

Meteorologane åtvarar mot is og glatte vegar i store delar av Sør-Noreg. Det er utover søndagen meldt glatte vegar også i Trøndelag.

Foto: Meteorologisk institutt

Bekymra for «black ice»

NAF viser til at underkjølt regn kan gi såkalla «black ice», eit tynt islag på vegen.

– Faren med dette er at det kan sjå ut som om det berre er våt veg, medan det i realiteten er is. Det seier seg sjølv at dette er farleg for bilistar og andre trafikantar, seier Svendsen.

Han ber bilistane om å berekne ekstra tid.

Dersom du skal over ein fjellovergang bør du ha med litt ekstra mat og drikke, varme klede og ein spade som eit minimum. Køyrer du elbil bør du også sørge for å ha så mykje straum på batteriet som mogleg.

Is i gatene i Bodø

Søndag formiddag var det is i gatene i Bodø sentrum. Det er det også i ulike delar av landet.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Stengde fjellovergangar

I Nord-Noreg er fjellovergangane opne. I Sør-Noreg er eit par vegar påverka av veret.

  • Fylkesveg 55 Sognefjellet er stengd
  • Fylkesveg 51 Valdresflya blir nattestengd frå klokka 20 til 08

Riksveg 13 Vikafjellet er opna for nomal trafikk. Det har tidlegare gått kolonne på grunn av veret.

Fylkesveg 520 Breiborg – Røldal er også open igjen, melder Statens vegvesen. Vegen har vore stengd sidan i dag tidleg på grunn av veret.

Sognefjellshytta

Vegen forbi Sognefjellshytta er stengd søndag.

Foto: STATENS VEGVESEN

Vegtrafikksentralen seier at entreprenørar har vore tidleg ute for å salte søndag morgon.

I tillegg verkar det som at mange har fått med seg at det er glatt, og køyrer etter forholda, seier trafikkoperatør Jørgen Bødtker.

– Det er grunn til å tru at det er mest glatt på fylkesvegar og andre strekningar der det ikkje har blitt salta, seier han.

I Trøndelag og på Nordmøre er det kraftige vindkast, og på Trondheim Lufthavn har fleire fly hatt problem med å landa.