Hopp til innhold

No kan 24 meter lange vogntog bli lov på vestlandsvegane

Vogntoga er over fire meter lengre enn det som er lov i dag. Vegvesenet og Lastebilforbundet meiner likevel at det ikkje vil gå ut over tryggleiken.

modulvogntog

KJEMPEVOGNTOG: I 2021 vil ti tonn tyngre og nesten fem meter lengre vogntog truleg kunne køyra på norske vegar.

Foto: Oddvar Nyland / Thor Tenden Transport AS

Om eitt år blir det truleg lov med mykje større vogntog på vegane på Vestlandet.

Dette kjem som følge av at Statens vegvesen no opnar for ei regelendring som vil la såkalla modulvogntog køyre på dei fleste vegane i landsdelen.

Det betyr ti tonn tyngre og fire og ein halv meter lengre køyretøy enn i dag.

– Vinsten vil vere at ein kan frakte meir på større køyretøy og at det totalt sett blir færre vogntog, seier avdelingsdirektør Ingrid Heggebø Luntnæs på veg- og trafikkjuridisk avdeling i Statens vegvesen.

Betre vilkår for næringslivet

Vegvesenet har starta regelendringa på oppdrag frå Samferdsledepartementet. I desse dagar er saka ute på høyring.

Ifølgje regjeringa var det næringslivet sjølv som etterspurde regelendringa som no er på høyring.

– Det vil gi næringslivet mogelegheit til å trafikkere vesentleg fleire vegar, med stor vinst for samfunnet, uttalte dåverande samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) då utvidinga vart kjent i september i fjor.

I praksis vil det eksisterande tømmervogntognettet no bli opna for modulvogntog. Dette gjeld mesteparten av vegnettet i Vestland.

Samferdselsminister Jon Georg Dale.

STOR GEVINST FOR SAMFUNNET: Då utvidinga vart kjent i fjor, uttalte dåverande samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) at det ville ha stor gevinst for samfunnet.

Foto: Jan Kåre Ness

– Slit med inntekta

Regionleiar Jan Ove Halsnøy i Lastebilforbundet er positiv til regelendringa.

– Konkurransevilkåra er dårlegare på Vestlandet, med mange ferjer og bommar. Dei bedriftene som opererer på Vestlandet slit inntektsmessig samanlikna med kollegaer på Austlandet, seier Halsnøy.

– Er det trygt å sleppe til 10 tonn tyngre og 4,5 m lengre køyretøy på vegane våre?

– Ja. Nokre vil peike på at det betyr lengre forbikøyring, men det blir færre vogntog. Vi må gjere noko med vegane, men det er trygt, seier Halsnøy.

modulvogntog

SPORINGSKRAV: Endringa vil bli gjennomført primært ved å skjerpe sporingskrava til modulvogntog, slik at dei får same sporingskrav som tømmervogntog.

Foto: Oddvar Nyland / Thor Tenden Transport AS

Set tryggleikskrav

Vegvesenet kjem til å stille krav til at modulvogntoga skal klare skarpe svingar, såkalla sporingskrav. Dette er ein viktig føresetnad for at vogntoga skal oppfylle tryggleikskrava.

I utgreiinga legg Vegdirektoratet til grunn at dei aller fleste av dagens modulvogntog type 1 og 2 vil kunne oppfylle dei nye krava.

– Ei høyring betyr at alle kan komme med innspel til regelendringa. Så lenge ein har sporingskrav, er dette trygt, seier Lutnæs i Vegvesenet.

Dersom høyringa går gjennom, vil truleg dei første modulvogntoga rulle på vestlandsvegane i 2021