Hopp til innhold

No har Yr fått 2500 nettkamera frå heile landet

Har du hytte- eller heimlengsel? No kan du sjekke vêret direkte både i Noreg og resten av verda.

Nettkamera på yr.no

FLEIRE TUSEN KAMERA: Her er eit utval av alle dei 2500 kamera du kan sjå i Noreg.

– Mange vil sjå korleis vêret faktisk er der dei skal, men folk er også opptekne av vêret der dei har familie og korleis det ser ut på hytta når dei ikkje er der sjølv, fortel Ingrid Støver Jensen som er produktutviklingssjef for Yr i NRK.

Vêrtenesta yr.no har nettopp lagt ut 2500 nettkamera i Noreg og om lag 52.000 i resten av verda.

Bileta blir henta frå Meteorologisk institutt, Statens vegvesen og Luftambulansen. Kamera frå resten av verda kjem frå sida windy.com.

Vi har fått direktebilete av ver og føreforhold kopla til den staden du søkjer på. Du kan til dømes sjå om det er snø på bakken. Så no får du sjå vêret på ferske bilete og ikkje berre som symbol.

Ny teneste hos Yr.no

SLIK FINN DU DEI: Under fana «​​​​​​​I nærheten»​/«​​​​​​​I nærleiken»​ finn du kamera frå den staden du har søkt på.

Foto: Skjermdump

Spent på responsen

Yr hadde tidlegare direktebilete på sida si, men desse blei tekne vekk. Jensen seier at publikum har sakna desse.

– No har vi fått tilbakemeldingar på at det er fantastisk at bileta er tilbake.

No håper ho at mange vil nytte tenesta både i påska og framover.

– Vi er spent på responsen, og tenesta er veldig aktuell i påskeutfarten. Utviklarane skur endå litt i systemet. Det handlar om å finne rett avstand mellom stad du søkjer og kamera du får opp. Vi må også passe på at det ikkje berre blir vegar.

Sjekk også vegane

Kanskje kan tenesta komme til nytte i helga om du skal ut å køyre. For du kan få opp vegkamera frå mange stader i landet.

Den nye tenesta med bilete er tilgjengeleg på via nettsida og på appen under fana I nærheten/I nærleiken.

– Vi tilbyr også ekstra informasjon som målestasjonar, nordlys, UV-varsel og pollenvarsel.

Den nye tenesta er tilgjengeleg under fana «i nærheten/i nærleiken», og er lansert både på nettsida og på iOS-appen. Android-appen er like rundt hjørnet.

Les også Uvær i påskefjellet

Hardangervidda