Hopp til innhold

No festar studentane igjen: – Fy fadderullan så gøy!

Pandemi eller ei. Denne veka møtest tusenvis av ferske studentar til fadderveker på høgskular og universitet i heile landet.

Studentar på fest i Sogndal.

FULL FEST: Fadder Jenny Randine Skogly og førsteårsstudent Torolv Røberg koste seg på faddervors på Studentheimen i Sogndal måndag kveld.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

På den legendariske Studentheimen i Sogndal har det vore studentfestar sidan 70-talet. Då NRK fekk kome innom måndag kveld, var stemninga byrja å ta seg opp.

– Det var ein utruleg velkomst, og fullt trøkk med ein gong. Det er slik det skal vere, fortel førsteårsstudent Torolv Røberg.

Han kjem frå Hole i Buskerud og er ein av mange nye studentar som har funne vegen til Sogndal.

– Eg tykkjer det er veldig fint no som så mange er vaksinert. Så har dei tatt sine forholdsregler og delt opp i grupper, så det verkar som dei tar det på alvor, seier Røberg.

Vil ikkje masseteste

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av høgskulane som har valgt å ikkje masseteste studentane i samband med fadderveka.

HVL reknar fadderveka som privat arrangement, og held seg til regelen om 100 personar per arrangement.

I Sogndal satsar dei på å kunne bruke naturen under fadderveka.

– Vi har kjempefine moglegheiter til å vere ute her i Sogndal, så det blir mykje frilufts- og idrettsarrangement, seier fadderkoordinator Fredrik Ringen.

Fadderveke i Bergen

PARKPARTY: I Bergen har studentane samla seg i kohortar, blant anna i Nygårdsparken.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Ber studentane vere merksame

I dei store studentbyane, som til dømes Bergen, slår helsestyresmaktene fast at det ikkje er nokon god idé å avlyse faddervekene.

– Vi er meir bekymra for det som skjer på uorganiserte samlingar, seier smittevernoverlege i Bergen, Egil Bovim

Bergen har den siste tida opplevd eit auka smittetrykk. Det er knytta stor spenning til fadderveka og studiestart.

– Vi ber studentane vere merksam på at dei kjem til ein by med eit høgt smittetrykk, oppfordrar Bovim.

Studentar som kjem til hovudstaden og Universitetet i Oslo, kan forvente seg ei studiestartuke med masse aktivitetar, både utandørs, innandørs og digitalt.

– Der det skjer arrangement som involverer lokale, tar vi omsyn til smittevernsituasjonen og kapasiteten til dei aktuelle lokala, seier faddersjefkoordinator Jonas Veland.

– Svært viktig

For OsloMet vil det vere ein blanding av digitale og fysiske arrangement. Dei fleste arrangementa er i små grupper eller med ei avgrensing på 100 personar.

Studeistartskoordinator ved OsloMet, Henriette Sarastuen Franck, seier at fadderveka er ekstra viktig i år.

– Særleg no er det svært viktig at studentane kan få møtes, bli kjent og dele erfaringar, seier ho.

Ved NTNU vil fadderveka gå nokon lunde som normalt, men utan dei største arrangementane og samlingane.

– Vi satsar på fleire mindre arrangement ved dei forskjellige studielinkane, fortel prorektor med NTNU, Marit Reitan.

Marit Reitan, prorektor for utdanning, NTNU

PROREKTOR: Marit Reitan er ein av sjefane på NTNU i Trondheim og gler seg over det nye studieåret.

Foto: Marita Solheim / NRK

– Så trygt vi kan

Rektor Margareth Hagen på Universitetet i Bergen tok imot 6000 nye studentar i dag og gler seg stort over at fadderveka er i gang.

– Det å gje dei ein trygg og fin start er sjølvsagt veldig viktig for oss. Det er mykje dei skal bli kjende med. Vi arrangerer dette no så trygt vi kan, seier ho.

På seksjon 4 på Studentheimen i Sogndal var i alle fall stemninga god måndag kveld. Dei ferske studentane gler seg til å feste seg inn i studietida.

– Det er så hyggeleg med nye studentar og at det kjem litt liv til bygda. No når eg er fadder så er det jo ekstra gøy da, seier Jenny Randine Skogly.

Den ferske studenten Torolv Røberg er i alle fall ikkje i tvil om at det er naudsynt med ei skikkeleg fadderveke no.

– Det er faderullan så gøy! slår han fast.