Hopp til innhold

No får Sogn sitt eige skimerke

Fire unge skikøyrar frå Sogn lanserer i desse dagar eit eige skimerke. Skia blir laga ved ein av dei største skifabrikkane i verda.

Bratt moro føreset at ein først kjem seg til toppen av fjellet.

SKIMERKE: Fjella i Sogn er blitt svært populære blant dei som likar seg utanfor preparerte løyper. No lanserer fire skikarar frå området eit eige skimerke.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Sogn har blitt ein populær skidestinasjon dei siste åra, og no får området også sitt eige skimerke, skriv Sogn Avis.

Det er skimerket SGNskis som ser dagens lys denne sommaren, etter at dei fire karane har jobba hardt for å få alt på plass. Sommaren har blitt brukt til testing av prototypen og resultatet har vore så bra at dei fire vel å satse.

– Vi har jobba lenge med dette, og vi er utruleg tilfredse over å endeleg kunne presentere den første serieproduserte modellen vår, seier Torgeir Sværen Henjum til Sogn Avis.

– Ski vi sjølve vil stå på

Saman med Tore Frimanslund, Steinar Nes og Dagfinn Henjum Sværen kan han no gle seg over at skia «Togga» er klare. Skia har fått namnet sitt etter eit fjell i Sogndalsdalen, som er blant dei mest populære for laussnøkøyrarar.

Dei fire karane er alle røynde laussnøkøyrar og ifølgje avisa har nettopp denne bakgrunnen blitt nytta i utviklinga av skia.

– Vi hadde lyst til og få til ei ski vi sjølve vil stå på, så den er konstruert for akkurat den typen skikøyring som vi driv med her i Sogn, seier Dagfinn Henjum Sværen til avisa.

Satsar på fleire modellar til neste år

Togga-skia blir produserte på ein fabrikk i Kina og skal takle skogskøyring, storfjellskøyring, i tillegg til at dei skal vere enkle å gå oppover med. Allereie neste år håpar gründerane at dei skal ha på plass fleire nye modellar.

– Vi har som mål og byggje ut med endå fleire modellar til neste år, men det tek mykje tid sidan vi vil ha det beste ut av kvar serie med ski, seier Torgeir Sværen Henjum til avisa.